Latin mastergradsoppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mastergradsoppgåva er det sentrale element i mastergradsstudiet som dei andre emna skal bygge opp under. Der skal studentane vise at dei meistrar latinsk språk og klassisk filologisk metode eller annan metode som er relevant for det tema dei har valt. Tekststudiet står i sentrum - det kan gjelde litterære tekstar, innskrifter, historiske dokument, faglitteratur osv., frå antikken, mellomalderen eller tidleg moderne tid - men det problem som mastergradsoppgåva er konsentrert om, kan vere språkvitskapleg, litteraturvitskapleg, historisk, religionshistorisk, resepsjonshistorisk osv. Oppgåva byggjer på eige arbeid under rettleiing, og er det element som veg tyngst når den endelege karakteren skal fastsetjast.

Læringsutbyte

Med mastergradsoppgåva skal studentane ha gjennomført eit sjølvstendig arbeid som viser forståing, refleksjon og modning. Oppgåva skal syne at studenten kan arbeide med og tolke eit tekstleg kjeldemateriale, er fortruleg med vitskapleg metode, og meistrar litteratursøking og bruk av forskingslitteratur og tekstbasar.

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust/vår.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Minst 90 stp. i latin på bachelornivå og minst 30 stp. i LAT301-306 (av dette er godkjend LAT306 obligatorisk).
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i latin ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet for mastergradsoppgåva skal veljast i samråd med rettleiar. Prinsipielt kan alle relevante emne innafor latinsk språk og litteratur frå antikken, mellomalderen eller tidleg moderne tid veljast, men for å vere sikra rettleiing bør studentane velje eit emne i tilknyting til dei områda som er representerte blant faglærarane. Om oppgåva er av tverrfagleg art, kan rettleiinga skje i fellesskap med ekstern rettleiar. Studentane bør velje tema og problemstillingar som dei ut frå fagstudiar og andre forkunnskapar har særlege føresetnader for å arbeide med. Profilane på LAT303-306 skal veljast med direkte omsyn til temaet for oppgåva. Omfanget på mastergradsoppgåva skal liggja mellom 70 og 110 sider.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Student og rettleiar skriv båe under på ein rettleiingskontrakt.
Vurderingsformer

Mastergradsoppgåva og ei munnleg prøve som tek utgangspunkt i masteroppgåva. Det blir gitt sensur / karakter på oppgåva før munnleg. Munnleg er justerande (med inntil ein karakter opp eller ned). Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Masteroppgåva kan skrivast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Det blir lagt opp eit pensum på om lag 1500 sider i samråd mellom kandidat og rettleiar.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Programstyret for klassisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium