Datalingvistiske modellar og bruksområde

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Innhaldet i kurset vil variere noko over tid, men vil handle om teoriar og metodar frå kunstig intelligens for utvikling av språklege modellar og bruksområde. Aktuelle emne innan modellering er t.d. maskinlæring og klassifiseringsalgoritmar på grunnlag av regelinduksjon, nevrale nettverk, næraste nabo, osb. Eksempel på språkteknologiske bruksområde er grensesnitt mellom menneske og maskin, maskinomsetjing, korrekturlesing, informasjonssøking i tekst og informasjonsteknologiske hjelpemiddel for funksjonshemma.

Dette emnet eignar seg også for studentar i t.d. informasjonsvitskap og digital humaniora.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan ...

  • gjengi prinsipp og metodar for modellering på lingvistiske kategoriar og språkprosessar
  • gjengi prinsipp og metodar for digital prosessering av naturlige språk

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • bygge og teste modellar for språkprosessar og applikasjonar, basert på språklege data og eksisterande algoritmar

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • rapportere om ein modelleringseksperiment, inkl. oppsett, innhenting av data, val av verktyg, produksjon av resultater, tolkning og konklusjon
  • kritisk vurdere nytten av modellar for innsikt i menneskeleg språkprosessering og for praktiske applikasjonar i samfunnet

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Grunnleggende kunnskaper og programmeringsferdigheiter i Python.
Tilrådde forkunnskapar
LING123 og DASPSTAT eller tilsvarande er sterkt tilrådet.
Studiepoengsreduksjon
DASP303 (15 stp), DASP304 (15 stp)
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masternivå ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, sjølvstendige øvingar på datamaskin og rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva er obligatorisk, og skal minst ha omfang av eitt møte med rettleiar, som skal ha fått lese utkast til oppgåva og litteraturliste minst ein veke i forkant.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
Rettleidd semesteroppgåve som rapporterer om ei individuell modellerings- eller programmeringsoppgåve. Oppgåva skal ha ca. 5000 ord (litteraturliste og evt. vedlegg ikkje medrekna).
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum består hovudsakleg av ei innføring metodane som blir nytta innan dette feltet, særleg med vekt på kognitiv modellering og maskinlæring og med tanke på bruksområde. Datamaskin brukast til øvingar.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for språkvitskap
Emneansvarleg
Programstyret for språkvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium