Litteraturteori

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi ei innføring i fortolking- og diskursteori med eit innslag av ulike teoretiske retningar som har vore relevante for europeisk litteratur. Innhald: Studiet vil vere sett saman av eit utval litteraturteoretiske tekstar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • Har grunnleggjande kunnskap om eit utval teoretiske retningar som har vore relevante for fortolkings- og diskursteori innan europeisk litteratur
  • har kunnskap om forholdet mellom litteratur, samfunn, kultur, makt, kjønn og identitet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfte fagstoffet i eit mindre skriftleg arbeid
  • kan problematisere og reflektere omkring korleis ulike teoretiske retningar eller skolar har tolka europeisk litteratur på ulike måtar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan demonstrere kunnskap og evne til fagleg drøfting i eit skriftleg arbeid
  • kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoffet.
  • kan vidareutvikle kunnskapane, ferdigheitene og forståinga si av fagstoffet gjennom vidare studium.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir undervist i sentrale delar av pensum i hovudsak i form av oversynsførelesingar. Normalt blir det gitt førelesingar to timar i veka i fire veker. Det kan også bli aktuelt å organisere undervisninga i ei eller fleire blokker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 70% av førelesingane for å få gå opp til vurdering i emnet.
Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein to timars skoleeksamen. Eksamen kan bli gitt tidleg i semesteret.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

I pensumoversynet på internett ligg det opplysningar om kva tekstar som til ei kvar tid er pensum.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for fremmedspråk
Emneansvarleg
Institutt for fremmedspråk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Institutt
Institutt for fremmedspråk