Introduksjon til filosofisk logikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

LOG112 er ein filosofisk påbygging til det meir tekniske emnet LOG110. Emnet skal gi ei innføring i logikkens grunnlagsproblem, ved å ta opp filosofiske spørsmål som blir aktualiserte av klassisk setnings- og predikatlogikk. Emnet skal mellom anna legge til rette for kritisk diskusjon av premiss som klassisk logikk bygger på. Overordna tema er tilhøvet mellom logikk og rasjonalitet, omgrepet om sanning, og alternativ til klassisk formallogikk.

Logikk er eit reiskap som skal hjelpe med rasjonell tenking og argumentasjon. Men kva er eigentlig samanhengen mellom logiske slutningar og rasjonell tenking? Emnet ser på ulike problem med å oppfatte logikk som eit korrektiv for god tenking, blant anna epistemiske paradoks (f eks Preface paradokset).

Sanning er eit sentralt omgrep i logikken, mellom anna i form av kravet om bevaring av sanning frå premiss til konklusjon, og fordi meininga til logiske formlar blir definerte som vilkåra for at formlane er sanne. Emnet vil se nærare på kva for eit sanningsomgrep som er føresetnader i logikken. LOG112 vil blant anna gå inn på den filosofiske diskusjonen om sanningsteoriar og sanningsparadoksar.

Vidare skal LOG112 presentere alternativ til klassisk logikk, med vekt på kva for veikskapar og filosofisk diskutable føresetnader ved klassisk logikk dei er ein reaksjon på, og i kva grad dei omtalte logikkane kan bøte på problem knytt til klassisk logikk. Døme på slike alternative logikkar som kan bli presenterte på kurset, er intuisjonistisk logikk, relevanslogikk og deontisk logikk.

Læringsutbyte

Kunnskap:

kjennskap til sentrale grunnlagsproblem i formallogikken.

Dugleik:

kunne identifisere og diskutere formallogikkens føresetnader og bruksområde.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi eller kognitiv vitskap. Emnet kan òg vere eigna som støtte for studiet av andre fag, til dømes lingvistikk eller informasjonsvitskap.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøtekrav. Antal seminar per semester kan variere mellom 6 og 8.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Gruppevis munnleg innlegg på seminar.

Studentar skal delta på minst 75% av seminara. På seminara skal studentane presentere løysingar på oppgåver.

Vurderingsformer

Studentane skal ha ei heimeeksamen på to dagar. Eksamenssvaret skal vere på mellom 2000 og 4000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Vår/Haust

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.