Innovasjon for Renovasjon og Gjenvinning

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med kurset er å gje deltakarane ferdigheiter og verktøy for å kartlegge samansette utfordringar, lære om korleis ein kan vere kreative og å arbeide saman med å løyse utfordringar i tverrfaglege team. Vidare vil deltakarane få dei nødvendige ferdigheitene som skal til for å realisere den valte løysninga på ei identifisert utfordring eller ei moglegheit, i form av prosjektarbeid. Samla vil dette gje deltakarane relevant kompetanse som kan brukast i nyskapingsprosessar i arbeidslivet.

Kurset anvender teoriar og forsking frå ulike felt innan psykologi, organisasjon og leiing og kombinerer spesifikt metodar frå tre forskjellige kunnskapsområder: systemtenking, kreativ problemløysing og prosjektleiing. Ved å kombinere metodar frå desse felta, representerer kurset ei ny og tverrfagleg tilnærming for å fremme kreativ problemløysing og kunnskapsutvikling som ein ikkje har i eksisterande kurs. Kursdeltakarane vil jobbe med utfordringsdrivne innovasjonar knytt til renovasjon, i team som består av kursdeltakarar med variert disiplinær bakgrunn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om empiriske funn og teoriar knytte til: - Drøfte sentrale modellar og prinsipp i tre ulike teoretiske felt: systemtenking, kreativitet og prosjektleiing - Identifisere passande metodar innan systemdynamikk, kreativitetsforsking og prosjektleiing for å løyse ulike typer problemstillingar knytt til renovasjon, og drøfte fordelar og ulemper i desse - Gjere greie for samanhengen mellom dei tre felta: systemtenking, kreativitet og prosjektleiing knytt til renovasjon - Identifisere psykologiske forhold i tverrfagleg samarbeid for å lukkast med nyskapingsprosessar i slike grupper

Ferdigheiter

Studenten kan - Kombinere ulike verktøy og metodar innan felta systemdynamikk, kreativitet og prosjektleiing - Systematisere og implementere idear og innovative løysingar i renovasjon - Bruka det han/ho har lært til å setja opp og fasilitera nyskapingsprosessar i renovasjon gjennom systemtenking, kreativitet og prosjektleiing - Tilpasse ulike psykologiske forhold i tverrfagleg samarbeid og kunne anvende desse for å lukkast med dei kreative nyskapingsprosessane knytt til renovasjon

Generell kompetanse

Studenten kan .. - Kunne kritisk reflektere over og løyse problem knytt til tverrfagleg samarbeid - Skjøna korleis kartlegging av problem og årsakssamanhengar skaper eit grunnlag for den kreative utforskinga og nyskapingsprosessar - Skjøna korleis idear og potensielle løysingar kan systematiserast og implementerast - Kommunisere og fungere som ein konstruktiv medlem i ei tverrfagleg gruppe

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert
Krav til forkunnskapar
Ingen særskilte forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Interesse for og kunnskap i nyskapingsprosessar i arbeidslivet.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet er ope for alle med interesse for og kunnskap i nyskapingsprosessar i arbeidslivet

Minimum antall deltakere: 10. Maximum antall deltakere: 50

Arbeids- og undervisningsformer
Kurset har tre ulike modular. Undervisninga er organisert som nettbaserte førelesingar, individuelt arbeid og arbeid i grupper.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei obligatoriske arbeidskrava består av:

- levere ei prosjektskisse

- eit refleksjonsnotat (ca. 1500 ord)

- halde ein presentasjon av prosjektskissa.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Emnet er bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent av faglærar.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Liste med anbefalt litteratur utgjer kring 1000 sider frå bøker, rapportar og artiklar.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
The Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE)
Emneansvarleg
The Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE)
Administrativt ansvarleg
The Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE)