Perspektiv i psykologisk vitskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet er å gje studentane ei inngåande forståing for nokre av dei overgripande teoretiske perspektiva i psykologi, og korleis dei verkar på analysenivå og forståing. Nokre av perspektiva er biologisk/evolusjonært perspektiv, kognitivt perspektiv og sosialt/kulturelt perspektiv.

Emnet skal gje studentane ei nyansert forståing av korleis perspektiva er i) nedfelt i konkret psykologisk forsking i dag, ii) integrert med forklaringsnivå, og iii) har samfunnsrelevans.

Emnet har som mål å gje studentane inngåande kunnskap om psykologi som vitskap, gje eit kvalifisert oversyn over forskingsdisiplinar i faget og gje ei djup forståing for dei vitskapsteoretiske fundamenta for psykologifaget. Studentane skal samstundes bli kjende med den forskinga og dei forskingsgruppene som er knytt til masterstudiet.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten har...

  • inngåande kunnskap om sentrale perspektiv i psykologi.
  • spesialisert kunnskap om grunnlaget for hovudtilnærmingane til psykologien: biologi/evolusjon, kognisjon og omgjevnadar/kultur.
  • kunnskap om ulike analysenivå og korleis desse kan hengje saman.
  • kunnskap om korleis dei vitskapsteoretiske forutsetningane for psykologien påverkar forsking og praksis.
  • inngåande kunnskap om pågåande metodologiske og teoretiske diskusjonar i psykologifaget

Ferdigheitar

Studenten skal...

  • kunne identifisere kva for perspektiv og analysenivå som ligg til grunn for psykologiske tekstar og forskingsarbeid.
  • kunne drøfte likskapar og skilnader mellom psykologiske perspektiv.
  • kunne nytte ulike perspektiv for analyse av psykologiske problemstillingar.
  • kunne identifisere implikasjonar av psykologiske perspektiv for forsking og praksis.
  • kunne meistre akademisk skriving og kritisk lesing av forskinglitteratur.

Generell kompetanse

Studenten skal...

  • kunne reflektere over kva som kjenneteiknar psykologi som vitskapleg disiplin og som praksisfelt.
  • kunne reflektere over relevansen ved ulike perspektiv og analysenivå i forsking og praksis.
  • kunne reflektere over dei ulike menneskesyna som kjem til uttrykk i ulike psykologiske perspektiv.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet i psykologi eller masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.
Arbeids- og undervisningsformer
  • Undervisninga gis i form av «modular» i første halvdel av haustsemesteret. Modulane varer i om lag ei veke. Kvar modul har undervisning i forelesning og/eller seminarformat, er tilknytt ein del av den anbefalte litteraturen for emnet, og har forslag til frivillige tilleggsoppgåver og tilleggslitteratur
  • Ein av modulane er studentdreven aktivitet med både individuelt arbeid og gruppearbeid, med obligatorisk innlevering
  • Ein annan modul inneber å skrive ei felles oppgåve og å som gruppe vere fagfellevurderar for ei anna gruppe sin oppgåve
  • Det er moglegheit for rettleiing frå faglærar i oppgåvearbeidet
  • Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
  • Førelesingar, totalt 18 timar.
  • Seminar med studentaktivitet, totalt 12 timar
  • Ei individuell oppgåve med individuell munnleg tilbakemelding frå faglærar
  • Ei gruppeoppgåve med munnleg tilbakemelding frå medstudentar under rettleiing av faglærar
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • For studentaktiv undervisningsmodul: Levere inn oppgåver i MittUiB innan tidsfrister
  • For gruppeoppgåvemodul: Levere inn felles oppgåve i MittUiB innan tidsfristen, levere inn fagfellevurdering av annan gruppe sin oppgåve, og delta på presentasjonsdag
  • Det vert forventa at studentane deltek jamngodt i gruppearbeid på den måten som gruppene vert einige om
  • Arbeidskrava vert godkjent av faglærar.
  • Vurderingsformer
    Skuleeksamen (4 timar). Studenten skal svare på 2 av 3 oppgåver.
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Institutt for samfunnspsykologi
    Emneansvarleg
    Institutt for samfunnspsykologi
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet
    Institutt
    Institutt for samfunnspsykologi