Strøyming i porøse media

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Det å forstå flyt- og transportprosessar i porøse medium er viktig for mange anvendingar i natur- og ingeniørvitskapar. Eksempel på dette er flyt av grunnvatn, CO2-lagring i undergrunnen (CCS), utvinning av geotermisk energi, auka oljeutvinning (EOR) og brensel-celle teknologi. I tillegg er flyt- og transportprosessar i porøse medium sentralt for mange medisinsk anvendingar.

Kurset introdusere dei grunnleggande prinsippa og matematikken for flyt- og transport i porøse medium. Dei generelle likningane for konservering av masse, momentum og energi blir presentert i samanheng med flyt av ein eller fleire kjemiske komponentar i ein eller fleire fasar. Basert på dette blir det utvikla matematisk modellar for relevante anvendingar som blir løyste i forenkla tilfelle.

Kurset vil også presentere utvidingar til relevante tema for aktiv forsking. Døme på dette er flyt og transport i medium som lar seg deformere eller er oppsprekt.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentene kunne:

  • definere sentrale omgrep som porøsitet, permeabilitet og metning.
  • forklare skilnaden på blandbar og ikkje-blandbar flyt.
  • forklare kva ein meiner med harmonisk middel av permeabilitet.
  • forklare prinsippa bak kapillartrykks-funksjonen, og relativ permeabilitet.
  • gi ein fullstendig modell for to-fase flyt og utleie metningslikninga.
  • analysere Riemann-problemet for Buckley Leverett likninga.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Oppgåver (gyldig i to semester: inneverande + våren etter).
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.