Algebraisk geometri II

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet er ei innføring i knippe og skjema innanfor algebraisk geometri, og grunnleggjande eigenskapar ved desse. Dette dannar grunnlaget for moderne algebraisk geometri

Innhald

Emnet gir ein innføring i teorien for knipper og skjema. Spesielt vert omgrepa affine, noetherske, integrale, reduserte, irredusible, separerte, propre og projektive skjemaer studert, samt lukka og opne embeddingar, dimensjon, knippe av modular, divisorar, morfismar i projektive rom, differensialar, glatte skjema og Bertini sitt teorem.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan definere og nytte grunnleggjande omgrep og konstruksjonar og kjenner viktige resultat i algebraisk geometri knytta til knippe og skjema, samt morfismar mellom desse
  • kan foreta enkel analyse av skjema og morfismar mellom desse, blant anna ved eigenskapar knytta til kjende knippe
  • kan framstelle hovedideane i provene for dei viktigaste resultata knytta til omgrepa ovanfor.

Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar grunnleggjande teknikkar innanfor knippeteori, skjemateori og morfismar mellom desse, spesielt embeddingar av skjema i projektive rom.
  • kan argumentere korrekt matematisk og presentere prov og resonnement.
  • har solid erfaring og trening i å resonnere med knippe og geometriske strukturar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig og i gruppe.
  • kan formulere seg på ein presis og vitskapleg korrekt måte.
  • kan avgjere om komplekse matematiske argument er korrekte.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Uregelmessig, sjekk om det finnes informasjon under «Timeplan» på rett semester etter 1. juni/1. desember.

Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon

MAT320: 5 Sp

MAT321: 5 Sp

MAT322: 5 Sp

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar og oppgåver
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Munnleg eksamen
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Matematisk institutt