Matematikkens historie - matematikken i oldtida

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i dei viktigaste trekk ved matematikken si utvikling i oldtida. Det tek for seg sumerisk og babylonsk matematikk, egyptisk, indisk og kinesisk matematikk. Ein lærer om deira talsystem og kva innsiktar og metodar dei hadde i algebra og geometri. Vidare tek ein for seg gresk og hellenistisk matematikk, og framveksten av aksiomatisk tenkjing og prov i matematikk og geometri. Spesielt får ein innsikt i Euklids elementer. Ein får og innsikt i korleis geometri og matematikk for folka i oldtida var eit nyttig og viktig praktisk reiskap.

Læringsutbyte

Studentane skal få innsikt i korleis matematiske idear naturleg har oppstått og utvikla seg, dels som følgje av samfunnet og naturvitskapen si utvikling og dels som følgje av den indre dynamikken i matematikken sjølv.

Undervisningssemester

Haust. Undervisning kan bli avlyst dersom det er få oppmelde studentar frå programmet Erfaringsbasert master i undervising med fordjupning i matematikk .

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Fordel med ca. 30 studiepoeng matematikk
Studiepoengsreduksjon
5 studiepoeng overlapp med MAT291, 5 studiepoeng overlapp med MAUMAT642
Krav til studierett

Emnet inngår i programmet Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i matematikk og vert tilrettelagt for denne studentgruppa.

Emnet er også opent for studentar med annen studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i MAT641+MAT642 går føre seg over 4 samlingar i løpet av semesteret. Kvar samling er på 3 dagar, normalt brukes to dager til MAT641 og en dag til MAT642 pr. samling.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
2 obligatoriske aktiviteter/oppgåver (gyldig i tre semester; inneverande og to påfølgjande)
Vurderingsformer

Mappe (25 %), samt 3 timar skriftlig eksamen (75 %). Tillatne hjelpemiddel: ingen.

Studentar med studierett på erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i matematikk, kan etter søknad få ha skriftleg eksamen på ein utdanningsinstitusjon nær eigen heimstad.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.