Introduksjon til innovasjon og entreprenørskap i Media City Bergen

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i innovasjons- og entreprenørskapsteori og metode, samt i utvikling av nye innovative konsept, og har særleg fokus på mediefeltet. Studentane lærer både teoretiske og bransjenære tenkjemåtar og metodar for innovasjon og entreprenørskap, samt får praktisk erfaring med konseptutvikling. Faglærerar kjem både frå forskingsmiljø og bransjeaktørane i og rundt Media City Bergen.

Mediefeltet er særleg interessant i et innovasjons- og entreprenørskapsperspektiv. Feltet blei tidlig hardt ramma av disruptive kreftar som digitalisering og globalisering, og har lenge vært tvungne til å tenkje nytt og omstille seg. I medieklynga Media City Bergen legg ein vekt på å fremme innovasjon både innan utdanning, forsking og i næringsliv, men alle organisasjonar og bedrifter på tvers av alle sektorer i samfunnet opplever i dag eit press på å være nytenkande samstundes som ein mestrer endring.

Studentane får kunnskap om teori og metodar forankra i fag som for eksempel sosiologi, design, medievitskap og kommunikasjon, økonomi og leiing, strategi, retorikk, psykologi, og informasjonsvitskap.

Studentane lærer korleis menneske og organisasjonar arbeider for å være innovative, og får sjølve erfaring med å utvikle eit innovativt konsept. Studentane får òg innsikt i kritiske perspektiv på innovasjon.

Læringsutbyte

Studentane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjerne greie for omgrep innan innovasjonsteori- og metodar, og entreprenørskap.
  • kan gjerne greie for rolla innovasjon, entreprenørskap og konseptutvikling har innan mediefeltet.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan identifisere behov og moglegheiter for innovasjon i og utanfor organisasjonar.
  • kan vurdera kvalitet og levedyktigheit for prosjekt og idear.
  • kan nytta metodar for utvikling av konsept som har potensiale for innovasjon.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle teoriar og metodar for innovasjon og entreprenørskap både skriftleg, munnleg og gjennom eigen praksis.
  • kjenner til forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid innan mediefeltet, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet.
  • kjenner til utviklings- og innovasjonsarbeid innan medie- og medieteknologisektoren, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet.

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Reservert for studentar ved SV-fakultetet.

Emne har 25 studieplassar. Undervisningsmelding i Studentewb er søknad om plass. Søknadsfrist: søndag i uke 3/33.

Ved fleire søkarar enn plasser vil vi sette saman ei tverrfagleg studentgruppe. Kvart institutt har ein egen kvote, og plassane fordelast ved loddtrekking.

Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og workshops
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i workshops (minimum 80%)
  • Gruppepresentasjon av konsept
  • Obligatoriske arbeidskrav er berre gyldig i undervisningssemesteret.

    Vurderingsformer

    Deleksamen

    • Gruppeoppgåve, skriftlig/visuell konseptbeskrivelse (teller 40 %)
    • Skriftleg individuell oppgåve, som kan være en gitt oppgåve eller en refleksjonsoppgave knytt til gruppeoppgåva, 3000 ord (+/- 10%) (teller 60%)

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester

    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.