Midtveisevaluering ph.d. IGS

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Før evalueringa, skal kandidaten levere ein rapport om prosjektets status og framdrift ut ifrå

  • vitskapleg aktivitet og resultat
  • publikasjonar
  • opplæringsdelen
  • plan for fullføring og estimert innleveringstidspunkt
  • eventuelle problem eller andre kommentarar

Evalueringa starter med at kandidaten gjer ein offentleg presentasjon. Etter presentasjonen, trekk kandidaten, rettleiarar og komitéen seg attende for en diskusjon. Utfyllande informasjon vert gjeve av det einskilde institutt.

Ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin vert midtveisevalueringa organisert av instituttet sine forskingsgrupper. For kvar kandidat oppnemner gruppa ein komité med to medlemmer.

Læringsutbyte

I vitskapen er det vitalt at ein kandidat kan presentere sitt eige prosjekt på ein overtydande måte. Sidan evalueringa har struktur som ein vitskapleg revisjon, vil tilbakemelding frå komiteen gje kandidaten ny kunnskap knytt til:

1. Kvaliteten på presentasjonen.

2. Korleis handtera kritikk relatert til prosjektet.

3. Status for prosjektet jamfør prosjektplanen.

Dette vil til saman gje kandidaten meir innsikt i hans/hennar eige prosjekt.

Undervisingsperiode

Vår/haust
Undervisingsspråk
Norsk/engelsk
Påmelding og -fristar

Påmelding gjennom StudentWeb (studentweb.uib.no) innan 1.februar / 1.september

Inngår i opplæringsdel
Obligatorisk emne i opplæringdelen for kandidatar ved Det medisinske fakultet som får si hovudrettleiing ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Vurderingsform

Rapport skal være levert, og presentasjon og diskusjon gjennomført, med tilfredsstillande kvalitet.

Det vert nytta eit eige vurderingsskjema der komiteen legg vekt på fleire kriterier for si samla vurdering av korleis kandidaten ligg an i høve til å fullføre:

  • Progresjon, publikasjonar og opplæringsdel
  • Vitskapleg aktivitet, resultat
  • Plan for gjennomføring

Komiteen peikar på eventuelle behov for justering av planen.

Karakterskala:

Bestått / Ikkje bestått

Kven kan delta
Alle PhD-kandidatar som er tatt opp ved doktorgradsprogrammet ved Det medisinske fakultet etter 1.august 2009, må ha midtveisevaluering.