Midtveisevaluering ph.d. IKO

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Før evalueringa skal kandidaten levere inn
- Skriftleg rapport som inkluderer kor langt kandidaten har kome, ein oversikt over arbeidet så langt, og ein tidsplan for resten av kandidatens PhD periode

- Prosjektplan
- Ferdige manuskript og manuskript som er i skrivefasen
- Opplæringsdelen

Evalueringa startar med at kandidaten gjev ein offentleg presentasjon. Etter presentasjonen, trekk kandidaten, rettleiarar og komiteens seg attende for en diskusjon.

For kandidatar ved Institutt for klinisk odontologi:
Ved Institutt for klinisk odontologi vert midtvegsevalueringa organisert av instituttet sitt

forskingsutval.

Midtvegskandidatane får nedsett ein komité av ein vitskapeleg frå forskings utvalet på instituttet, og ein intern vitskapeleg frå IKO.

Tilstade på evalueringa er komiteen og kandidaten, og kandidatens rettleiarar er forventa å delta som observatørar.

Midtvegskandidatane skal få beskjed om at midtvegs evalueringa skal haldast seinast to månader på førehand, slik at dei kan førebu seg og planlegge arbeidet i forhold til vurderinga.

Kandidaten skal 2 veker før vurderinga sende inn all skriftleg dokumentasjon som er tilgjengelig i høve til forskarutdanningsprosjektet.

Rammene for kandidatanes presentasjonar er satt til 30 minuttar og som hovudregel skal presentasjonen ved midtvegsevalueringa haldast på engelsk. Etter presentasjonen vil det opnas for spørsmål før dørene lukkas for publikum

På grunnlag av rapporten, presentasjonen og diskusjonen utarbeidar komiteen ein rapport til forskingsutvalet, og følgjer opp kandidat og rettleiarane tilsvarande.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidaten ha evne til å diskutere og presentere arbeidet sitt, ta imot kritiske tilbakemeldingar og råd frå komiteen, og implementere det i sitt vidare arbeid.

Undervisingsperiode

Vår (april) / Haust (oktober)

Midtveisevalueringa skal normalt finne sted i tredje semester av forskarutdanningsperioden.

For nokre kandidatar vil midtveisevalueringa finne sted i 4 semester.

Studiepoeng

1 studiepoeng
Undervisingsspråk
Engelsk eller norsk
Påmelding og -fristar
Påmelding gjennom StudentWeb (http://studentweb.uib.no) innan 1.februar / 1.september
Inngår i opplæringsdel
Obligatorisk for alle kandidatar i forskarutdanninga som får si hovudrettleiing ved Institutt for klinisk odontologi.
Vurderingsform

Rapport skal være levert, og presentasjon og diskusjon gjennomført, med tilfredsstillande kvalitet.

Karakterskala:

Bestått / Ikkje bestått

Fagleg overlapp

Ein kandidat kan berre ha ein kode for midtvegsevaluering i sin opplæringsdel, og gjennomfører evalueringa normalt ved det instituttet der han/ho får si hovudrettleiing.

Det er difor fullt overlapping med dei andre kodane for midvegsevaluering ved Det medisinske fakultet; MEGAD900, MEIFI900, MEIKF900, MEIKM900, MEIBM900, MEISF900 og MESIH900.

Kven kan delta
Obligatorisk for alle PhD-kandidatar som er tatt opp ved doktorgradsprogrammet ved Det medisinske fakultet etter 1.august 2009, og som får si rettleiing ved Institutt for klinisk odontologi.
Fagleg ansvar
Institutt for klinisk odontologi