Film, TV og visuell kultur: Fortolking og analyse

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Den moderne digitale bildekulturen er gjennomgripande for samfunnet vi lever i, frå det estetiske til det politiske feltet. Det visuelle formar det sosiale livet men blir på same tid sjølv forma av det. Konsekvensane av denne komplekse vekselverknaden er eit hovudtema for studiar av medietekster og av den visuelle kulturen, som omfattar heile spekteret av bilder frå måleriet og fotografiet til film, fjernsyn, video, og dataspel. Målet med dette emnet er å gi studentane kunnskapar om ulike medium, tekstar, sjangrar, og fortolkingstradisjonar i den visuelle kulturen. Emnet gir ei brei innføring i sentrale medieteoretiske og kunstvitskaplege omgrep og spørsmål knytta til analyse og forståing av den visuelle mediekulturen sine ulike representasjonsformer. Omgrep og tema som blir belyste i emnet varierer men kan mellom anna inkludere representasjon, visualitet og blikk, bildeteknologiar, identitet, kjønn og etnisitet, realisme, modernisme, makt og bilder, urbanisme og globalisering, vitenskapsbilder, og økologi og aktivisme. Emnet gir også ei innføring i humanistiske tilnærmingar og metodar som hermeneutikk, semiotikk, narratologi, filmteori og allmenn bildeteori.

Læringsutbyte

Studenten skal etter avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om medietekster, medieestetikk, visuell kultur og medieteori-og analyse
  • har grunnleggjande forståing av sentrale omgrep for feltet visuell kultur
  • har grunnleggjande forståing av dei ulike representasjonsformene sin eigenart, og innsikt i historiske endringar i den visulle kulturen
  • har grunnleggjande innsikter i medieestetiske fenomen og spørsmål

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte medieestetisk teori til å gjere greie for vesentlege trekk ved bildekultuen
  • kan fortolke og analysere ulike mediale utrykks form, innhald og teknologi
  • kan nytte bildeteoretiske perspektiv og omgrep på konkrete medietekstar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan bruke sentrale teoretiske perspektiv og hermeneutiske metodar i praktisk analyse av fenomen i den visuelle mediekulturen

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på MEVIX100. Studentar som ikkje har MEVIX100 bør setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart.
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlappar 15 studiepoeng med det gamle medievitskap grunnfag (MEVIG).
Krav til studierett
Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av førelesingar og seminarmøter og kan også inkludere filmframsyningar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i seminargrupper (80%). Munnleg presentasjon av en ein pensumrelatert tematikk, teori og/eller analyseeksempel for seminargruppa, og ei skriftleg seminaroppgåve på mellom 2000 og 2500 ord.

Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Ein 7 dagars heimeeksamen. Heimeeksamen skal ha eit omfang på om lag 3500 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i begge semestre. Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. UiB-forskriften § 5-6) henvises derfor til neste ordinære eksamen.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.