Retorikk og strategisk kommunikasjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målretta og planlagt kommunikasjon er ein integrert del av verksemda til organisasjonar, interessegrupper og politiske parti for å kunna overtyda, informera og endra åtferd. Strategisk kommunikasjon og målgruppetenking pregar politikk og samfunnsliv, og som medborgarar blir vi utsette for finsikta påverknadsforsøk frå interessegrupper og kommersielle aktørar. I dette emnet studerer vi slik kommunikasjon.

Heilt frå retorikken til Aristoteles og sofistane og til våre dagars medie- og kommunikasjonsforsking har mennesket prøvd å greie ut korleis vi påverkar kvarandre. Emnet gir ei historisk og systematisk innføring i retorikk og strategisk kommunikasjon som generell medie-, kommunikasjons- og argumentasjonslære. Vi ser på slik kommunikasjon i forhold til kulturelle, historiske og situasjonelle omstende, og som konstruksjon av identitet. Vi drøftar forholdet til sjanger, medium og formidlingsmåtar. Vi ser på retorikk som argumentasjon, estetikk og etikk, og vi undersøkjer korleis forskjellige medier påverkar retorikk og strategisk kommunikasjon.

I emnet gjer vi ikkje berre historiske, teoretiske og analytiske studium, vi arbeider også med praktisk kommunikasjonsarbeid. Du må til dømes halde ein tale og du må gi konstruktiv tilbakemelding på dine medstudentar sine taler. Gjennomført deltaking i den praktiske formidlinga er eit krav for å få ta eksamen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan beskriva sentrale trekk i utviklinga av kommunikativ påverknad frå antikkens retorikk og fram til våre dagars mediesamfunn og strategisk kommunikasjon.
  • kan gjera greie for sentrale teoriar innan fagfeltet, frå dei klassiske innføringar i kunsten å tala til moderne teoriar om PR, påverknad, strategisk kommunikasjon og retorikk i media.
  • kan gjera greie for betydninga, funksjonen til og verdien av retorikk og strategisk kommunikasjon i offentligheita, inklusiv spørsmål om demokratiske ideal og etikk.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utføra retorisk analyse og evaluering av forskjellige ytringar og genrar
  • kan utvisa ferdigheiter i strategisk tenking og retorisk kommunikasjon og formidling, samt praktisera overtydande munnleg og skriftleg framstilling
  • kan gi tilbakemelding på tekst og tale, samt bidra med grunnleggjande rådgiving i strategisk tenking og retorisk kommunikasjon

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruka kunnskapane sine til å forstå retoriske situasjonar, samt setja seg inn i kommunikasjonsutfordringar
  • kan bruka ferdigheitene sine til å gjera grunnleggjande analyse, formidla og rettleia i møte med slike situasjonar og utfordringar
  • kan reflektera over spørsmål om retorikk og strategisk kommunikasjon i forhold til funksjon, effekt, etikk og demokratiske ideal

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MEVIX100. Studentar som ikkje har MEVIX100 anbefalast å setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart. Dette emnet gir best meining om det vert tatt saman med eller etter andre emne i medievitskap eller kultur- eller samfunnsfag.
Studiepoengsreduksjon
Full overlapp med RET101 (15 sp)
Krav til studierett
Berre for studentar på bachelorprogram i medier og kommunikasjon, årsstudium i medier og kommunikasjon eller bachelorprogram i retorikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og seminar. Praktiske øvingar og presentasjonar vil inngå i førelesningar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande obligatoriske undervisningsaktiviteter må være godkjend for å kunne gå opp til eksamen:

  1. Gruppeundervisning:
    • Skrive, fremføre og revidere tale
    • Gi tilbakemelding på medstudentar sine taler
    • Skrive kronikk, kommentera på ein medstudent sin kronikk, revidere eigen kronikk og levere ferdig kronikk
  • Godkjend fem av åtte kortsvarsoppgåver
  • Oppmøte på seminar (80%)
  • Kronikken har fagfellevurdering mellom studentar, og dessutan tilbakemelding frå seminarleiarar eller faglærar. Talemanuskript har tilbakemelding i taleworkshop (3 timar) frå både studentar og frå seminarleiarar eller faglærar. Kronikken og talemanuskriptet inngår i eksamensmappa.

    Godkjende obligatoriske undervisningsaktiviteter er bare gyldig i undervisningssemesteret.

    Vurderingsformer

    Retorisk rapport:

    • Ein retorisk rapport som med bakgrunn i teoriar frå emnet gjer greie for vurderingar som er gjort i arbeidet med anten kronikken eller talemanuskriptet. Studentane veljer sjølv kva for av desse dei ynskjer å skrive rapport om.

    Den retoriske rapporten skal vere på omlag 4000 ord.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F)
    Vurderingssemester

    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.