Det globale medielandskapet

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane skal tileigna seg avansert og oppdatert kunnskap om fagfeltet internasjonal kommunikasjon og globale medium med særleg fokus på det 21. hundreåret. 

Emnet sporar den formative utviklinga av eit internasjonalt og globalt medielandskap gjennom det 20. hundreåret frå telegrafen, eksport av film og fjernsynsprogram, og transnasjonale fjernsynskanalar til Internett, og fokuserer deretter på utviklinga i det 21. hundreåret. Dette inkluderer: digitaliseringa av den globale medie- og kommunikasjons-sektoren; smarttelefonen og plattformer; framveksten av globale nettbaserte medium og tenester; produksjon og distribusjon av digitalt medieinnhald; og mediepublikum og utnytting av brukardata. Geopolitiske endringar og dynamikken mellom det globale, regionale, nasjonale og lokale i medielandskapet står sentralt. 

Emnet viser korleis utviklinga i det globale medielandskapet kan forståast gjennom teoretiske perspektiv og tradisjonar knytt opp mot: makt, innverknad og dominans; mediepublikum og mediebruk; globalisering; sosial, berekraftig og demokratisk utvikling; og dessutan geopolitiske endringar, i ein global kontekst.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap om den sentrale kunnskapsskaplegen til fagområdet teoretiske tradisjonar, perspektiv og omgrep.
  • har kjennskap til sentrale metodiske tilnærmingar for forsking på medieutviklinga i eit globalt perspektiv
  • kan analysera faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjonar, og eigenart.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysera og vera kritisk til ulike informasjonskjelder og nytta desse i å strukturera og formulera faglege resonnement.
  • kan vurdera, utgreia og nytta sentrale teoretiske tradisjonar og perspektiv innan fagområdet, og arbeida sjølvstendig med problemløysing.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidla eige arbeid og forskinga til andre på fagområdet, og meistra uttrykksformene til feltet.
  • kan raskt setja seg inn i programstillingar, og vurdera og setja seg inn i ny fagkunnskap.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

UiB
Krav til forkunnskapar
Bachelor i medium og kommunikasjon, medievitskap, eller tilsvarsande.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medium og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
Fellesundervisning som for eksempel førelesningar, seminar og individuell rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Litteraturframlegging på seminar. Sjå eigne retningslinjer ved starten av semesteret.
  • Framlegging av tema for emneoppgåva på seminar. Sjå eigne retningslinjer ved starten av semesteret.
  • Godkjende arbeidskrav gyldige berre i undervisningssemesteret.

    Vurderingsformer

    Eksamen består av to deler.

    • Rettleia emneoppgåve, omfang om lag 5000 ord. Tél 60 prosent av samla karakter.
    • Munnleg individuell eksamen. Tél 40 prosent av samla karakter

    Delkarakterar og samla karakter blir publisert i Studentweb. Begge deler må vere bestått for å få karakter i emnet.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester

    Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.