Bacheloroppgåve i medie- og interaksjonsdesign

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er at studenten gjennom å designe eit interaktivt mediesystem og evaluere sitt eige arbeid skal få auke sine analytiske og praktiske ferdigheiter.

Studentane samarbeider i grupper under rettleiing om designet, utviklinga og testinga av ein fungerande prototype av eit interaktivt mediesystem. Målet er innovasjon og nye idear, og systemet kan vere ein mobil applikasjon som hjelper journalistar i felten, ei betre løysing for samhandling med online nyhende, eit nytt sosialt medium, eit digitalt spel kor samhandlinga modellerer prosessar i samfunnet, eller eit anna interaktivt medium.

Gruppa skal nytte interaktive metodar for utvikling, og utføre ein komplett brukartest av systemet. Produksjonane vil bli synte fram i Media City Bergen i slutten av semestret, og studenten må òg skrive ei individuell akademisk oppgåve basert på prosjektet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan nytte teoretisk og praktisk kunnskap til å formulere munnleg og skriftleg ein uavhengig evaluering av sitt eige produkt og den tilhøyrande utviklingsprosessen.
  • har kjennskap til aktuelle innovasjonspraksisar og teknologiar i bransjen og har eit realistisk perspektiv på korleis medieselskap opererer på marknaden.
  • kan gjere greie for skilnadene mellom forskingsmetode og designmetode, og forklare korleis kombinere dei to i eit praktisk orientert forskingsprosjekt.

Ferdigheiter

Studenten

  • har avanserte ferdigheiter i minst eit av dei følgjande felta: interaksjonsdesign, programmering, testing og innhaldsproduksjon.
  • kan samarbeide effektivt i grupper og med vertsselskap.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan som del av ei sjølvstendig gruppe planleggje og utvikle ein fungerande prototype av eit interaktivt mediesystem, samt evaluere sitt eige arbeid ut i frå faglege og etiske standardar.
  • kjenner til forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid innan design av interaktive system, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
  • MIX101 eller INFO132
  • MIX102, MIX104 eller MIX114
  • MIX203
  • MIX202
  • Tilrådde forkunnskapar
    Studiepoengsreduksjon
    Emnet har fullt overlapp med INFOMEVI270
    Krav til studierett
    Reservert for studentar på bachelorprogrammet i medie- og interaksjonsdesign
    Arbeids- og undervisningsformer
    Workshops og rettleiing (om lag 85 timar)
    Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Faglærar må godkjenne praksis og produksjon.
  • Munnleg presentasjon av gruppeproduksjonen.
  • Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

    Vurderingsformer

    Mappevurdering:

    • Gruppeproduksjon av eit nytt medieobjekt eller ei forbetring av ein eksisterande praksis
    • Individuelt skriven bacheloroppgåve på 7000-8000 ord som inkluderer ein diskusjon om korleis produksjonen knyter seg til eksisterande praksisar og til relevant forsking innan interaksjonsdesign, informasjonsvitskap, eller medievitskap.
    • Munnleg eksamen om bachelorprosjektet og oppgåva.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

    Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

    Karakterskala
    Karakterskala A-F
    Vurderingssemester

    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.