Stil, sjanger og tradisjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MOB215
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje etnomusikologisk og historisk kunnskap om nordisk tradisjonsmusikk med sideblikk til andre europeiske tradisjonar. Døme på ulike måtar å formidle folkemusikk på i nordiske land skal stimulere til å utvikle studentane si eiga formidling.
Innhald:
Ei kort orientering om folkemusikkforsking i dei nordiske landa inngår. Hovudvekta blir lagt på instrumental og vokal praksis i ulike periodar og sjangrar. Omgrepa stil, sjanger og tradisjon skal drøftast og problematiserast, Nokre musikkdøme vil bli innstudert instrumentalt/vokalt av studentane.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* har fordjupa kunnskap om nordisk tradisjonsmusikk og kan sjå kva plass den eigne tradisjonen har i ein større samanheng
* har kunnskap om eldre og nyare samspelsformer, og om retningar som har vakse fram når det gjeld arrangering og sjangereksperimentering.
Ferdigheiter
Studenten ..
* kan spele/syngje nokre døme på tradisjonsmusikk frå andre nordiske land
Generell kompetanse
Studenten ..
* viser evne til å setje seg inn i faglitteratur og musikkdøme frå eit breitt fagområde, og til å leggje fram sentrale problemstillingar i munnleg form.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gjeven som førelesingar og seminar. Litteraturstudium samt studium og innøving av musikkeksempel inngår i undervisninga.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.
Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Ein munnleg presentasjon på 30 minutt om eit sjølvvalt emne som studenten kjem med forslag til i løpet av haustsemesteret. Presentasjonen skal innehalde musikkeksempel, minst 2 av desse skal framførast på eige instrument.