Masteroppgåve i molekylærbiologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Masterstudiet i molekylærbiologi skal gje studenten trening i eit sjølvstendig eksperimentelt arbeid innan eit spesialisert område. Det er også mogeleg å få tildelt ei oppgåve kor bioinformatiske eller kjemiske metodar står sentralt. Gjennom fagleg fordjuping skal studentens evne til kritisk og vitskapeleg tenking utviklast.

Oppgåveprosjektet skal studenten velje frå ei samling av oppgåver som vert gjort tilgjengeleg for alle studentar. Programstyret og rettleiarane skal sørge for at det til ei kvar tid finst ei samling av definerte oppgåveprosjekt. 

Oppgåveprosjektene i denne samlinga skal være førehandsgodkjent av ansvarleg for MOL399 (Masterprosjekt i molekylærbiologi).

Dette inneber at oppgåva skal i) vere godt forankra i molekylærbiologi som fagfelt (både teoretisk og med tanke på det eksperimentelle arbeidet), ii) kunne gjennomførast innan normert tid, iii) gi moglegheit til sjølvstendig og personleg utvikling under rettleiing, iv) ikkje bere preg av å bestå av rutinearbeid, og v) fortrinnsvis bestå av et utval forskjellige teknikkar som er i vanleg bruk i molekylærbiologi.

Oppgåveprosjektet kan også verte utforma i ein dialog mellom rettleiar og student. Dette prosjektet må likevel verte godkjent av emneansvarleg for MOL399, og verte gjort  tilgjengeleg i oppgåvesamlinga på lik linje med alle andre prosjekt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap:

Studenten

  •  opparbeider brei fagleg fordjuping innanfagområdet molekylærbiologi og spesialisert innsikt knytt til masteroppgåva

 

Ferdigheit:

Studenten

  • meistrar å planleggje og gjennomføre sjølvstendig eksperimentelt arbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar for tryggleik i laboratoriet
  • meistrer både muntleg og skriftleg formidling av eigne og andres forskingsresultat
  • kan vurdere eigne og andres forskingsresultat
  • kan hente inn, analysere og nytte ny kunnskap innan molekylærbiologi

 

Generell kompetanse:

Studenten

  • meister kildevurdering, kritisk vurdering av faglitteratur og kritisk viteskapeleg teking
  • kan reflektere over sentrale etiske og vitskapelege problemstillinger i eige og andres arbeid

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Opptatt til masterprogrammet i molekylærbiologi.
Studiepoengsreduksjon
ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett på masterprogrammet i molekylærbiologi ved Institutt for biovitenskap.
Arbeids- og undervisningsformer
.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
.
Vurderingsformer

Etter at masteroppgaven er innlevert og godkjent, avsluttes studiet med en muntleg mastergradseksamen. Denne eksamen består av ein offentleg presentasjon på rundt 30 minutt kor studenten sjølv gir ein oversikt over oppgåva. Deretter følger ein muntleg eksaminasjon/samtale. Før presentasjonen skal det vere satt ein karakter på oppgåva. Presentasjonen kan saman med den påfølgande muntlege eksaminasjonen/samtalen vere justerande på den endelege karakteren på oppgåva. Det er den endelege karakteren som vert gjort kjent for studenten og som kjem fram på karakterutskrifta.

Frist: Oppgåver på 60 sp vert innlevert innan ein månad før slutten av det 4. semesteret.

Karakterskala
Karakterskalaen som blir brukt er A til F. Karakter A er høgaste bestått karakter i karakterskalaen, karakter F er ikkje bestått.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
.
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Grada som blir vurdert, personlege notat (inklusiv labnotater), og presentasjonen som er ein del av vurderinga av grada er tillatne hjelpemiddel.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging og kvaliteten til emnet.
Emneansvarleg
Øyvind Halskau, oyvind.halskau@uib.no, Department of Biological Sciences, University of Bergen, Norway
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.