Improvisasjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- MUF202
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studenten fordjuping og erfaring i improvisasjon gjennom å arbeide med musikalsk grunnlagsmateriale innafor melodi, rytmikk og klang. Studenten skal bli friare i utøvinga på sitt eige instrument. Emnet er sjangeruavhengig.
Innhald:
Ensemblespel er ein sentral del av emnet, og difor vil mykje av undervisninga og konsertverksemda vere i eit ensemble. Ensemblet vil fungere som eit basisensemble som vil bli nytta ved konsertar og eksamen.
Studenten skal òg arbeide med solistiske innslag.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Ferdigheiter
Studenten ..
- kan nytte sitt eige instrument til å improvisere med utgangspunkt i musikalsk grunnlagsmateriale som melodi, rytme og klang
- kan nytte seg av teknikkar for improvisatorisk bruk av eige instrument som soloutøvar og i eit ensemble.
Generell kompetanse
Studenten ..
- kan nytte sitt eige instrument til å improvisere i ulike musikalske settingar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga omfattar arbeid med ulike former for musikalsk grunnlagsmateriale. Det vil bli arbeidd med ulike variantar av melodi, rytme og klang med siktemål om å oppnå ei friare musikkutøving på eige instrument.
Gjennom etydar/øvingar utforskar ensemblet og den einskilde studenten område som bidreg til å utfordre den musikalske ståstaden.
Innanfor området melodi blir det mellom anna arbeidd med modalitet, bitonalitet og intervalliske strukturar. l rytme blir det arbeidd med puls, underdeling og polyrytmikk, medan ein innanfor området klang arbeider med emne som registerbruk, dynamikk, harmoni og klangfarge.
I tillegg blir det sett fokus på ulike teknikkar brukt i sjangeruavhengig improvisasjon.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- delta på fellesundervisning
- delta i ensemble og ensembleprøver
- delta på tre konsertar i løpet av undervisningsperioden.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderingsformer
Ein konsertframføring i slutten av vårsemesteret. Studentane på emnet skal saman gje ein konsert på minimum 30 minutt. Studentane får individuell vurdering.
Intern sensur med minst to sensorar.