Examen Facultatum, Akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentane viktige teoretiske reiskapar til seinare bruk, både i studia og i yrkesliv. Emnet tek utgangspunkt i at akademiske tekstar alle har visse eigenskapar felles, som til dømes dokumentasjon, argumentasjon og sakleg framstilling, og at desse eigenskapane kan identifiserast, skildrast og vurderast gjennom bruk av analytiske reiskapar.

Innhald:

I studiet vert det lagd vekt på det tette sambandet det er mellom kritisk og analytisk lesing, tenking og skriving, og på å utvikla vurderingsevne og sjølvstende.

Emnet er knytta opp mot musikkhistorie (MUG117 Musikkhistorie klassisk og MUG118 Musikkhistorie jazz), slik at lærdomen frå emnet ligg til grunn for rettleiing og vurdering i oppgåveskriving.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* forstår korleis ein akademisk tekst er bygd opp

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan lese og analysere faglege tekstar

* kan identifisere den faglege problemstillinga eller emnet som teksten tek opp

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan analysere dei mest sentrale argumenta i ein tekst

* kan skrive ein sjølvstendig tekst som viser at måla for emnet er nådd.

* har grunnleggjande kunnskap om kjeldebruk og referansar.

Studiepoeng, omfang

5 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vert undervise i MUG119 akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon i haustsemesteret.

Seminar med arbeidssamlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To oppgåveutkast.

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

- semesteroppgåve

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.