Vitskapleg publisering for museumstilsette

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gjere studentane kjend med publisering av vitskaplege tekster, særlig i fagfellevurderte tidsskrift. Det skal òg gje oppøving i å skrive ein vitskapleg artikkel basert på eit forskingsprosjekt.

Studentane skal skrive eit utkast til ein vitskapleg artikkel under rettleiing og diskutere eigne og medstudentar sine artikkelutkast, ut frå bestemte faglege vurderingsnormer og retningsliner. Artikkelen kan vere basert på eit sjølvstendig forskingsarbeid knytt til museumssektoren eller andre sjølvstendige forskingsarbeid.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Studenten kjenner til prosessen med vitskapleg publisering og ulike utfordringar knytt til denne, og har kunnskapar om vitskaplege publiseringskanalar, publiseringspraksis, skriveprosessen og fagfellevurdering av vitskaplege artiklar.

Ferdigheiter:

Studenten har erfaring med å arbeide med ein vitskapleg artikkel.

Generell kompetanse:

Studenten kan skrive klart og målretta, og kan både gje og ta imot faglege, kritiske tilbakemeldingar på eigne og andre sine faglege arbeid.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Emnet har fullt fagleg overlapp med AHKR391.
Krav til studierett
Emnet er hovudsakleg retta mot tilsette i museumssektoren, og har eige opptak i samråd med museet studenten er tilsett ved. Dersom det er plassar, er emnet og ope for studentar med studierett på eit studieprogram ved AHKR.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga strekk seg over eitt semester og er organisert i tre samlingar à inntil tre dagar. Samlingane er sett saman av forelesingar og seminar. Inntil 3 timar rettleiing til artikkelen kjem i tillegg til samlingane. Rettleiinga kan vera individuell eller gruppebasert.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking på alle samlingane. Godkjenning av individuell pensumliste.
Vurderingsformer
Utkast til ein vitskapleg artikkel som er klar for innsending til eit tidsskrift. Artikkelen kan skrivas individuelt eller saman med ein medstudent.
Karakterskala
Greidd/ikkje greidd
Vurderingssemester
Vår / haust
Litteraturliste
Pensum omfattar ein eller fleire bøker om akademisk skriving/publisering og eit utval av 5 artiklar som nyleg har blitt publiserte i fleire relevante vitskaplege tidsskrift. Det er og forventa at studentane les og kommenterer kvarandre sine arbeid.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.