Masteroppgåve i musikkterapi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

MUTP360 / Masteroppgåve i musikkterapi er for studentar på Forskingslinja. Studenten vel sjølv tema og problemstilling, men blir oppmoda om å knyte seg opp mot eksisterande forsking i fagmiljøet, når det er praktisk og fagleg mogleg. Ofte er det relevant å fokusere på praksisrelevante tema i utforming av masteroppgåva, men studentens musikkterapeutiske, teoretiske og metodiske interesser kan peike i retning av ulike typar oppgåve. Her følgjer nokre døme (lista er ikkje tenkt som komplett):

Kvalitativ kasusanalyse: Ein musikkterapeutisk prosess eller ein person eller ei gruppes utvikling blir skildra og drøfta med utgangspunkt i aktuell musikkterapeutisk teori. Ei oppgåve fokusert på musikkterapeutisk kartlegging eller utgreiing kan også vere eit døme på denne type oppgåve.

Kvalitativ intervjuundersøking: Oppleving av og erfaring med musikkterapi (hos klient, terapeut, eller pårørande) blir granska gjennom kvalitative djupneintervju.

Kvalitativt feltstudie: Ein musikkterapeutisk situasjon eller kontekst blir granska gjennom deltakande observasjon, feltintervju og/eller analyse av dokument og artefaktar.

Teoretisk oppgåve: Eit avgrensa musikkterapeutisk problem blir granska gjennom litteraturstudiar.

Historisk undersøking: Eit avgrensa aspekt av musikkterapiens historie - lokalt, nasjonalt eller internasjonalt - blir granska gjennom kjeldegransking, intervju og andre relevante historiske metodar.

Surveyundersøking: Problemstillingar knytt til større populasjonar eller grupper av individ blir granska ved hjelp av spørjeskjema eller standardisert intervju.

Eksperimentell undersøking: Effekten av ein musikkterapeutisk intervensjon blir evaluert gjennom bruk av eksperimentelt design.

Mixed methods og pilotundersøkingar: Nokre hovudoppgåver vil naturleg kunne vere ein kombinasjon av dei ulike døma på oppgåvetypar som er nemnt ovanfor. Pilotundersøking som har som mål å førebu ei etterfølgjande, meir omfattande undersøking, kan også vere aktuelle. For alle oppgåvetypar gjeld at val av analysemetode skal vere tilpassa val av design. Kvalitative studiar kan til dømes analyserast gjennom bruk av ein variant av Grounded Theory eller ei meir fortolkande hermeneutisk tilnærming, medan surveys og eksperimentelle design føreset relevant statistisk analyse.

Delarbeid innan eit større forskingsprosjekt: Studenten kan få høve til å vera med i eit større pågåande forskingsprosjekt i GAMUT - Griegakademiets senter for musikkterapiforsking. Ein del av designa nemnde over er såpass omfattande og krevjande at ei tilknyting til GAMUT ofte er einaste realistiske alternativ. Studentane sin medverknad i eit større prosjekt vil arte seg ulikt alt etter type prosjekt og kva fase av prosjektet studentane kjem inn i. Som hovudregel vil arbeidet gå ut på at studentane i samråd med rettleiar vel ut ei avgrensa problemstilling innan prosjektet som dei så søkjer å granske ved anten å samle inn nye data eller å analysere eit eksisterande datatilfang. Studentane sitt arbeid må stå fram som eit sjølvstendig bidrag til hovudprosjektet.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

- kan dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp innan musikkterapien

- evner å analysere problemstillingar og datatilfang systematisk og kritisk

- evner å gi ei instruktiv og presis skriftleg framstilling av saksområdet

Dugleikar

- kan gjennomføre eit sjølvstendig prosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse

- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar fagområdet sine uttrykksformer både til spesialistar og ålmenta

- Masteroppgåver på Forskingslina skal i særleg grad dokumentere metodisk soliditet, teoretisk fordjuping og relevans for fag og samfunn.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår. Undervisninga går over fire semester

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk
Krav til forkunnskapar
Opptak til 300-nivået av det integrerte masterprogrammet i musikkterapi og greidd MUTP312.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Integrert masterprogram i musikkterapi
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
I hovudsak sjølvstendig arbeid, supplert med rettleiing og oppgåveseminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk og omfattar:
- Oppgåverettleiing (omfang etter gjeldande retningslinjer) og oppgåveseminar (2 t per student).

Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.
Vurderingsformer

Masteroppgåve.

Minst to sensorar kor ein skal vera ekstern.

Formelle krav til masteroppgåva
Masteroppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk (etter søknad eventuelt også på andre språk) på en av følgende måter:

1. Monografi format
Masteroppgåva på MUTP360 skal vere på ca. 30-40000 ord; 80-110 s med linjeavstand 1,5, margar 2,5 cm og Times New Roman 12 som skrifttype. Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. Når to eller fleire studentar skriv i saman, blir omfanget utvida med 2/3 for kvar ny medforfattar.
Oppgåva skal ha eit samandrag (abstract), normalt på engelsk på 100-200 ord. Tittel skal også vere omsett til engelsk.
Formelle krav til utforming, stil, referering osb. følgjer vanleg akademisk standard.

eller:

2. Artikkel format
Masteroppgåva kan også skrivast som ein vitskapleg artikkel med "kappe" (utvida innleiing med breiare gjennomgang av litteratur og/eller meir omfattande presentasjon av bakgrunn og problemstillingar pluss ei avslutning med fyldigare diskusjon og/eller drøfting av implikasjonar og forslag til vidare forsking). Sjølve artikkelen kan leverast som publisert eller vurdert av fagfellevurdert tidsskrift, eventuelt som manuskript ferdig for levering til eit slikt tidsskrift. Teksten skal følgje det aktuelle tidsskrift sine reglar for utforming av artiklar og desse reglane må leggjast ved innlevering. Vedtekne reglar om medforfattarskap gjeld (sjå til dømes Vancouver-reglane www.icmje.org/http://www.icmje.org/). Det må gå klårt fram kva som er studentens eige bidrag. Omfanget av artikkelen følgjer tidsskriftet sin standard (for eksempel ca. 6000 ord), medan "kappa" skal vere på ca. 18000 ord; ca. 45-50 s med linjeavstand 1,5, margar 2,5 cm og Times New Roman 12 som skrifttype. Når to eller fleire studentar skriv artikkel og masteroppgåve i saman, blir sidetal for "kappa" utvida med 2/3 for kvar ny medforfattar. Inntil tre studentar kan samarbeide om artikkelen.

Karakterskala
Bokstavkarakterar, A - F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Det blir forventa at studenten sjølvstendig søkjer fram til, tileignar seg og arbeider med relevant litteratur for masteroppgåva.
Emneevaluering
Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.