Hovudinstrument klassisk 3

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle

- stilistisk differensiert interpretasjonsevne

- teknisk og musikalsk ferdigheit

- eit breitt repertoar

- personleg uttrykk og formidlingsevne

Innhald:

Emnet er sett saman av følgjande:

- eigenferdigheit

- innstuderings- og øvingsteknikk

- instrumentkjennskap/stemmefysiologi

- interpretasjons- og repertoarforståing

- ensemblespel

Utvikling av eigenferdigheit tek mellom anna opp spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar og epokar, skalaer og etydar og primavistaspel/-song. Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastingskadar. Interpretasjons- og repertoarkunnskap tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til relevante skular og stilepokar. Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som hovudinstrument skal òg akkompagnere/spele continuo som ein del av sin ensemblespelpraksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kjenner inngåande til repertoar og tradisjonar knytt til hovudinstrumentet

Ferdigheiter

Studenten ..

* er i ferd med å utvikle stilkjensle i utøvinga

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan arbeide sjølvstendig med tekniske og musikalske problemstillingar og utfordringar

* har utvikla eigne kunstnarlege intensjonar og musikalske idear.

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Greidd eksamen i emnet MUG141 Hovudinstrument klassisk 2 og MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
Emnet erstattar MUV230 Hovudinstrument klassisk 3
Studiepoengsreduksjon
Emnet erstattar og har fullt overlapp med MUV230 Hovudinstrument klassisk 3
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar.

Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilrettelegge ein individuell arbeidsplan og sjå til at krava i studieplanen vert følgt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta i følgjande undervisning:

- individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar

- individuell rettleiing med akkompagnatør der det er relevant

- fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe

- ulike samspelaktivitetar i ensemble av ulik storleik. Orkesterstudier er obligatorisk for studentar på desse instrumenta: fiolin, bratsj, cello, kontrabass, fløyte, obo, klarinett, fagott, horn, trompet, trombone, tuba, slagverk (jf. eigen semesterplan)

- prosjektveker (jf. eigen semesterplan)

- meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)

- minimum to framføringar av solistisk karakter på interne og/eller offentlege konsertar.

Repertoarkrav:

- minst 45 minutt solorepertoar, eventuelt med akkompagnement

- samspelrepertoar (jf. spesifikk instrumentplan)

Repertoaret skal verte dokumentert i eksamenssemesteret og levert på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.

Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innan 15. april (ev. 15. oktober).

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Prosjektveker krev 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Det vert halde eksamen etter andre semester. Eksamen omfattar ei konsertframføring med repertoar på 20-25 minutt. Delar av eksamen kan vere kammermusikk. Ved eksamen skal studenten også ha munnleg tilbakemelding om korleis sensorane vurderer framføringa.

Intern sensur med minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar tilpassa kvart instrument/vokalfag.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Institutt
Griegakademiet - Institutt for musikk