Spesialemne II for komponistar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Gjennom emnet skal studenten utvikle eit sjølvstendig kunstnarisk uttrykk på høgt nivå, og få utvikle spesialiseringa si gjennom høveleg teoretisk og praktisk arbeid.

Studenten skal produsere eit større verk og minimum to kortare verk eller satsar for framføring, anten med krefter frå instituttet eller med musikarar utanfrå. Lengd og kompleksitet vert avtalt med faglærar. I samband med arbeidet skal studenten setja seg inn i aktuelle problemstillingar, relevante verk og teknikkar. Når det er mogleg, skal studenten delta aktivt i innstuderinga.

Studenten skal gje ein munnleg presentasjon av dette arbeidet, til dømes i seminarform. Presentasjonen kan dreia seg om eige verk og produksjonsprosess, det kan vera ei utgreiing om relevant bakgrunnslitteratur og verkstudiar, teknikkar som er brukte, og så vidare.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten kan

* kritisk belyse sine eigne kunstnarlege val og løysingar i høve til sentrale stilartar og aktuelle tradisjonar

Ferdigheiter:

Studenten

* viser sjølvstende og klare målsettingar i arbeidet med eigne komposisjonar

* realiserer og formidler sine musikalske intensjonar på eit høgt kompositiorisk nivå

Generell kompetanse:

Studenten

* framviser gjennom arbeidet ei sterk kunstnarisk uttrykksevne og utvikling av eit personleg tonespråk

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

UiB, Bergen
Krav til forkunnskapar
Bestått MUV315 Spesialemne I for komponister
Krav til studierett
Studenter med opptak til Masterprogram i utøvende musikk eller komposisjon, veivalg komposisjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Studenten får individuell rettleiing av rettleiar i hovuddisiplin.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.
Vurderingsformer

1) Skriftleg semesteroppgåve på 30.000 teikn +/- 10% (ca.10 sider). Oppgåva bør kontekstualisere studentens komposisjonar frå sitt første studieår på programmet. Illustrasjonar, litteraturliste og appendix er inkludert i sidetalet.

2) Partitur og tilhøyrande optak av minst tre verk som er skreven i det første året av masterprogrammet.

Vurderinga vert gjort av minst to faglærarar, der den eine normalt er rettleiar i hovuddisiplin.

Karakterskala
«bestått» / «ikkje bestått»
Vurderingssemester
Vår
Emneevaluering
Jamleg evaluering skjer i dialog mellom lærar i hovuddisiplinen og studenten.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.