Naturfagdidaktikk

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentar eit fagdidaktisk og forskingsbasert grunnlag for å utvikle kompetanse som lærarar i skulens naturfag. Dei vil også bli utfordra til å prøve ut denne kompetansen i praksis, og hauste eigne erfaringar som dei tek med seg tilbake i diskusjonar i emnet. Emnet tek opp naturfagdidaktikk som forskingsfelt og relevansen av forskinga for undervisning og læring, skulefaget sine særtrekk og utfordringar, ulike arbeidsmåtar i faget, analyse av fagplanar og omsetting av disse til undervisning og vurdering, kva elevars bakgrunn, holdning til og motivasjon for naturfag har å si for deira læring og korleis kommunikasjon kan vere eit aktivt verkemiddel for læring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • er kjent med naturfagfagdidaktikk som forskingsfelt og eit utval av fagdidaktisk forsking
  • skal ha kunnskap om kva som kan påverke elevanes motivasjon og interesse for faget
  • kan gjere greie for kva kjenneteikn naturfag har som skulefag og samanhengen mellom skulefaget og vitskapsfaget
  • skal kjenne til ulike arbeidsmåtar som kan nyttast i naturfag, og korleis desse kan bidra til læring

 

Ferdigheiter

Studenten kan

  • analysere læreplanar i naturfag og velje relevante arbeidsmåtar og vurderingsformar i høve til kompetansemåla i læreplanen
  • leggje til rette for varierte arbeidsmåtar som bidrar til læring og at elevane får erfaring med eit breitt spekter av naturfaget
  • utvikle skriftleg og munnleg kommunikasjon hos elevar som verkemiddel for læring og formidling av kompetanse
  • nytte innsikt i naturvitskaplege tenke- og arbeidsmåtar til å legga til rette for opplæring i utforskande arbeidsmåtar og kritisk tenking.

 

Generell kompetanse

Studenten kan

  • motivere elevar og skape interesse for naturfag
  • kan nytte forskingsbasert kunnskap saman med eigne erfaringar frå praksis til å grunngje val av arbeidsmåtar i naturfag
  • kan definere tydlege læringsmål for elevane , velje arbeidsmåtar som er veleigna for at elevane skal nå læringsmåla og i etterkant kunne evaluere i kva grad desse ble nådd
  • samarbeide med andre om problemstillingar knytt til undervising og læring

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet går over to semester, 5 sp haust og 5 sp vår, med oppstart kun om hausten.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskapar
Samme krav som for opptak til studiet.
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om studierett på PPU heltid.
Arbeids- og undervisningsformer
2 seminar og 14 forelesingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar, 2 skriftlege oppgåver. (Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande)

For å kunne ta eksamen i NATDID220-P må normalt PPUPRA101 og PPUPRA102 være bestått.

Vurderingsformer
Fire oppgåver: Ein skriftleg individuell, ein skriftleg i gruppe, ein munnleg individuell, ein munnleg i gruppe. Karakter: Bestått/ikkje bestått. Alle oppgåvene må vere bestått.
Vurderingssemester
Ein munnleg og ein skriftleg oppgåve i kvart semester.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.