Norrønt språk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane skal vere i stand til å lese og skjøne enkle norrøne prosatekstar med god grammatisk og leksikalsk innsikt.

Emnet gjev ei elementær innføring i norrønt språk gjennom grammatikkundervisning og lesing av normaliserte norrøne prosatekstar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI101

- har god kunnskap om det norrøne språket i prosatekstar med normalisert ortografi

- har god forståing av den norrøne språkstrukturen, både fonologi, morfologi og syntaks

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan lese norrøne prosatekstar i normalisert ortografi på eiga hand, med bruk av grammatikk og ordbok

- kan analysere morfologiske og syntaktiske trekk i norrøne prosatekstar

- kan omsetje norrøne prosatekstar til eit moderne språk

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk

- kan arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vårsemesteret

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon er tilrådd grunnlag.
Studiepoengsreduksjon
15 studiepoeng overlapp med NOFI201
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og/eller seminar

Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Obligatorisk oppmøte på minst 75 % av dei oppsette forelesingane.

2) Studentane må halde ein kort presentasjon (10-15 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

3) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Ein skriftleg skuleeksamen på seks timar.

Studenten kan skrive på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Til eksamen kan det gjevast både kjende tekstar (frå pensum) og ukjende tekstar (utanfor pensum).

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensum:

A. Primærlitteratur

Eit utval på om lag 30 sider norrøn prosatekst med spreiing på ulike sjangrar.

B. Sekundærlitteratur

Ein større norrøn grammatikk, t.d. Odd Einar Haugen, Grunnbok i norrønt språk, Oslo: Gyldendal Akademisk (1993 og seinare utgåver) eller Ragnvald Iversen, Norrøn grammatikk, Oslo: Tano (1973 og seinare opptrykk).

Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. I så tilfelle må kandidaten ta kontakt med faglærar så snart som råd og levere og få godkjend pensumlista innan oppgjeven frist.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen

Det er høve til å bruke norrøn ordbok og norrøn grammatikk under eksamen. Studenten må sjølv ta med ordbok og grammatikk.

Utanlandske studentar kan dessutan bruke ordbok frå sitt eige språk til moderne norsk, og frå moderne norsk til deira eige språk.

Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litteære og estetiske studium