Norrøn prosa

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal utvide sin kunnskap om norrøn litteratur og kultur gjennom eit breitt utval av tekstar, og dei skal dessutan gjere seg kjende med norrøn forskingshistorie. Studentane les m.a. ulike prosatekstar (t.d. islendingesoger, kongesoger, fornaldersoger, lærdomslitteratur og tekstar tilhøyrande andre prosasjangrar), delvis i original språkform (gamalislandsk og gamalnorsk, både normalisert og unormalisert), delvis i omsetjing. I tillegg kjem det tilsvarande sekundærlitteratur.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein student som har teke eksamen i NOFI107

- har kunnskap om hovudtrekka i den norrøne litteraturhistoria

- har god kunnskap om sentrale tekstar i ei rekkje norrøne sjangrar

- har grunnleggjande kunnskap om den norrøne forskingshistoria

Ferdigheiter

Studenten

- kan kommentere og analysere eit utval norrøne tekstar

- kan setje desse tekstane inn i eit litteraturhistorisk perspektiv

- kan lese eit utval av desse tekstane i original språkform

- kan sjå den norrøne litteraturhistoria i eit faghistorisk perspektiv

Generell kompetanse

Studenten

- kan setje seg inn i litterære strukturar på eit breitt grunnlag av ulike sjangrar

- kan relatere sentrale tekstar i norrønt til andre litteraturar

- kan setje den norrøne forskingshistoria i samband med og kontrast til utviklinga av andre fag

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
NOFI101 eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
NOFI112 eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
NOFI107 overlappar med det meste av det tidlegare emnet NOFI105 og vil ikkje gje utteljing i studiepoeng for studentar som har teke NOFI105.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Obligatorisk oppmøte på minst 75 % av den oppsette undervisninga.

2) Studentane må halde ein kort presentasjon (10 - 15 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Heimeeksamen.

Heimeeksamen på 7 dagar. Oppgåva skal ha eit omfang på 8 - 12 sider (16000 - 24000 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Studenten kan skrive på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Karakterskala
Karakterskala A- F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Jf. litteraturliste. Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Under arbeidet med heimeeksamen har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium