Nynorsk for utanlandske studentar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål.

Målet med dette emnet er at studentane skal få kjennskap til tema som norsk språkhistorie og bakgrunnen for nynorsk og norsk språkpolitikk i korte trekk. Dei skal og verte kjende med viktige skilnader mellom bokmål og nynorsk og hovudtrekka i nynorsk grammatikk.

Studentane skal dessutan lære å uttrykke seg skriftleg på nynorsk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kjenner til

  • norsk språkhistorie og bakgrunnen for nynorsk
  • norsk språkpolitikk i korte trekk
  • viktige skilnader mellom bokmål og nynorsk
  • hovudtrekka i nynorsk grammatikk

Ferdigheiter

Studenten kan

  • lese og forstå nynorske tekstar
  • skrive enkle tekstar på nynorsk
  • omsette enkle tekstar frå bokmål til nynorsk

Generell kompetanse

Studenten kan

  • hovudtrekk i norsk språkhistorie og språkpolitikk
  • hovudtrekk i nynorsk grammatikk
  • uttrykke seg skriftleg på nynorsk

Studiepoeng, omfang

7,5 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Ikkje aktuelt.

Undervisningssemester

Haust og/eller vår.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Deltakarane bør ha språkkunnskapar i norsk bokmål tilsvarande NOR-U2 / nivå 2 frå universitet/høgskule.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
NOR-NYN overlappar med det nedlagte emnet NOR-UNN (5 studiepoeng).
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing/seminar.

Kurset har ca. 36 timar med undervisning. Det blir forventa at studentane er førebudd og deltar aktivt i timane.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering (1. februar / 1. september).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte til minst 75 % av undervisninga.

Deltakarane må levere minst tre skriftlege oppgåver som skal godkjennast av faglærar.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei påfølgande to semestra.

Vurderingsformer

Tretimars skriftleg, digital skuleeksamen.

Ein kan berre ta eksamen éin gong i semesteret.

Som ein generell regel har ein tre eksamensforsøk i et emne. Dette blir regulert av Forskrift om opptak mv. ved UiB § 6.8.

Karakterskala
Karakterskala frå A til F.
Vurderingssemester
Haust og/eller vår.
Litteraturliste
Pensumlista blir annonsert i starten av semesteret.
Emneevaluering
Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets retningslinjer og UiBs kvalitetssikringssystem. Evalueringa kan gjennomførast skriftleg eller munnleg.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Programansvarleg
Programstyret for Norskkursa.
Emneansvarleg
Programstyret for Norskkursa.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.