Særemne i norsk som andrespråk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Det tematiske innhaldet på emnet vert definert av studenten sjølv, i samråd med ein faglærar. Det kan føre vidare eit tema som er introdusert i andre delar av studiet, eller det kan ta opp ein annan deldisiplin knytt til norsk som andrespråk ev. av tverrfagleg art. Det er ein føresetnad at litteraturen er på eit plan som passar for 300-nivået. Det er ein fordel, men ingen føresetnad, at studiet vert knytt opp mot eit fagleg seminar, ei forskargruppe eller liknande. Det er studenten sjølv som har ansvaret for å sette seg i kontakt med ein faglærar, for å finne eigna pensumlitteratur og for å etablere eigna praktiske rammer for gjennomføringa av studiet.

Pensumet skal tilsvare om lag 1000 sider av normal vanskegrad

Læringsutbyte

Studenten har spesialisert innsikt i og forståing av det aktuelle feltet innanfor norsk som andrespråk.

Studenten kan nytte kunnskapar og dugleik til å greie ut om, analysere og drøfte aktuell empiri, metode og teori.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Anten NORAN101, NORAN101-F, NOSPAN101 , NORAN104, NORAN204-L, NORAN104-F eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
NORAN250 eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.
Arbeids- og undervisningsformer
Dette er i utgangspunktet eit sjølvstudium. Inntil seks timars rettleiing. Student og faglærar undersøkjer om det er mogleg å knyte studiet til forskingsseminar, kurs e.l. lokalt eller andre stader som vil betre læingsutbytet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere og få godkjent pensumliste.

Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein heimeeksamen på 7 dagar. Omfanget skal vere på om lag 5000 ord.

Målforma på heimeeksamen vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamenen startar.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår og haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny, tidleg eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Studenten utarbeider pensumet i samråd med faglærar.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i norsk som andrespråk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium