Innføring i nordistikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NORD100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgande læringsutbyte:
Kunnskap: Kandidaten
- har grunnleggande kunnskap om utvalde tema frå nordisk litteratur, nordisk språk, norrøn filologi og norsk som andrespråk
Dugleik: Kandidaten
- kan nytte kunnskapen i eigne språklege og tekstlege analysar
- kan gi att og referere til innhaldet i vitskaplege og skjønnlitterære tekstar på ein god måte
Generell kompetanse: Kandidaten
- er godt budd til vidare studium i nordistikk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Om lag 13 dobbeltimar undervisning som kombinerer førelesings- og seminarform.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere fire korte tekstar som svar på ei oppgåve i kvar av disiplinane nordisk litteratur, nordisk språk, norrøn filologi og norsk som andrespråk. Kvar tekst skal vere på om lag 350 ord, og faglærarane gir fagleg tilbakemelding på teksten. Dersom teksten er fagleg for svak, kan studenten måtte revidere han og levere på nytt. Tekstane kan skrivast på bokmål, nynorsk, dansk, svensk eller engelsk.
Det er obligatorisk å vere til stades ved minst 75 % av undervisninga.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet tilsvarar ca. 650 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.
Den emneansvarlege fastset pensumet.