Nordisk litteratur 1: Tekstkunnskap og sjangerforståing

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har to hovudtema: tekstkunnskap og sjangerforståing.

For det første skal studenten utvikle eigen kunnskap og kompetanse på norske og nordiske tekstar i ulike sjangrar frå 1900 til i dag. Emnet tek opp grunnleggande litteraturteoretiske tilnærmingsmåtar og analytiske reiskapar for lesing og tolking.

I tillegg skal studenten utvikle ferdigheiter i å bruke tekstkompetansen i eiga undervisning. Det inneber at tekstane blir sette inn i ein litteraturdidaktisk samanheng der kjennskap til læreplanar og kompetansemål står sentralt. Arbeid med eit breitt utval tekstar dannar utgangspunkt for refleksjon om tilpassa opplæring i norskfaget.

Læringsutbyte

Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap: Kandidaten

  • har god kunnskap om norsk litteratur frå 1900 og fram til i dag
  • har god kunnskap om sjangermangfald, teksttypar og mediehistoriske endringar etter 1900
  • har god kunnskap om sentrale og aktuelle tematikkar som litteraturen problematiserer
  • har god kunnskap om læreplanane for norskfaget, med vekt på kompetansemål som rører ved litteratur og tekstkultur
  • har god innsikt i korleis praktiske og teoretiske litterære læringsprosessar kan støttast i undervisning, både fagspesifikt og i oppøvinga av grunnleggande ferdigheiter

Dugleik: Kandidaten

  • kan bruke dei faglege og fagdidaktiske kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigne analysar, drøftingar og vurderingar av litteratur
  • kan bruke kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigen yrkespraksis
  • kan skape gode norskfaglege undervisningsaktivitetar med utgangspunkt i læreplanar og eigen kunnskap
  • kan bruke sentrale fagomgrep både i eigne tekstar og i tolkingsog formidlingsarbeid
  • kan reflektere om og drøfte tilhøvet mellom lærings- og undervisningsmåtar i litteratur, og om eigen yrkespraksis
  • kan skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt

Generell kompetanse: Kandidaten

  • har innsikt i oppdatert forsking på nyare norsk tekst- og sjangerutvikling
  • kan reflektere over litteratur- og sjangerspørsmål i eit danningsperspektiv
  • har innsikt i norskfaget si rolle i skulen og samfunnet

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanning.

Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkar er tilsett i skolen men må ha godkjend pedagogisk utdanning i tillegg til dei andre krava

Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for dei som har fått opptak gjennom UiB Videre
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er konsentrert til samlingar på to dagar og kombinerer førelesingar med seminar.

Nettbasert førebuings- og etterarbeid

Rettleiing på oppgåver

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Levering av tre individuelle oppgåver innan fastsette fristar i samband med samlingane. Ei av oppgåvene skal vere knytt til bruk av IKT i undervisninga.

Deltaking i arbeidet med munnlege emne på samlingar

Begge målformer skal vere representerte i oppgåvene

Vurderingsformer

Heimeeksamen på 6 timar.

Målform: Bokmål

I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala
Karakterskala A - F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Pensumet skal svare til ca. 1000 sider av normal vanskegrad.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
-
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no