Nordisk: Språkleg fordjupingsemne B med BA-oppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på grunn-nivået.

Innhald:

Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gi tilbod om fordjuping i til dømes morfologi, syntaks, fonologi, semantikk, språkhistorie, språkleg variasjon, språkleg tekstanalyse, namnegransking, leksikologi, leksikografi, austnordisk, vestnordisk osv.

Tema hausten 2022: Kommunikasjon og fagspråk

På dette emnet skal vi ta for oss kommunikasjon av ulike typar fagleg informasjon til ulike mottakargrupper. Emnet består av fire hovudkomponentar:

  1. Utvalde tema frå pragmatikk, nærare bestemt teori knytt til kommunikasjon og tolking av bodskap
  2. Fagspråk og fagord
  3. Klarspråk og lesbarheit
  4. Multimodal tekstanalyse

Vi skal mellom anna ta for oss kva språklege trekk som gjer at ein tekst vert oppfatta som lett eller vanskeleg å forstå for ei mottakargruppe, og korleis eit fagleg innhald bør tilpassast alt etter kva kunnskap mottakargruppene har om bodskapet. Korleis kan ein sikra at viktig informasjon blir rett forstått av ulike mottakarar, deriblant personar med norsk som andrespråk? Vidare skal vi sjå på kommunikasjon i ulike fagsektorar med eit klarspråksperspektiv.

Grunnboka i emnet er skriven av Renkema og Schubert og heiter «Introduction to discourse studies». Her får ein ei innføring i ulike aspekt ved tekstar, som t.d. tekstsjangrar, ulike tekststrukturar og konteksten si rolle.

På pensumlista har vi elles tekstar om klarspråk og lesbarheit, fagkommunikasjon, relevansteori, ordforståing i eit andrespråksperspektiv, språket i lærebøker, multimodale tekstar, helsespråk, språket i naudetatar, osv.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

- har solid kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar

- har kunnskap om teoriar og metodar på feltet

Ferdigheiter

Studenten

- kan bruke kunnskapen frå feltet i språklege undersøkingar av avgrensa omfang

- kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy

- kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur

- skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

- kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar

- kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg

- kan tileigne seg ny kunnskap på høgt fagleg nivå

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
NOSPAN101, NOSP106 og NOSP105 (eller NOSP102 og NOSP103(-L)) eller tilsvarande emne i nordisk språk på minst 25 studiepoeng.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar.

Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.

Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).

Undervisninga blir gitt slik at ho tek omsyn til langpraksisen i lektorutdanninga.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til bacheloroppgåva to gonger til fastsette fristar. Det første utkastet må vere på minst 500 ord og det andre på minst 2000 ord. Utkasta må ikkje vere lengre enn 5000 ord.

Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Rettleidd bacheloroppgåve. Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid av avgrensa omfang. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Munnleg eksamen over den delen av pensum som studenten ikkje har skrive bacheloroppgåve om.

Det vert sett separate karakterar på bacheloroppgåva og munnleg eksamen. Ved utrekning av samla karakter tel bacheloroppgåva 60 % og munnleg eksamen 40 %.

Målforma på bacheloroppgåva blir fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust.
Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klare innan 1. juni.

Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel på munnleg eksamen.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium