Nordisk: Språkleg masteremne B
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NOSP313
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.
Innhald:
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gi tilbod om fordjuping i til dømes morfologi, syntaks, fonologi, semantikk, språkhistorie, språkleg variasjon, språkleg tekstanalyse, namnegransking, leksikologi, leksikografi, austnordisk, vestnordisk osv.
Tema hausten 2023: Risiko- og krisekommunikasjon
På dette emnet skal vi ta for oss risiko- og krisekommunikasjon med to ulike innfallsvinklar, metafor og retorikk, som utgangspunkt for analyse. Emnet gir òg ei innføring i kommunikasjonsteori.
Metafordelen har hovudfokus på metaforbruk i ulike diskursar og kritisk analyse av effektane denne bruken kan ha, medan retorikkdelen har hovudfokus på den retoriske situasjonen og bruk av dei retoriske appellformene.
På emnet vil vi òg diskutere kva risiko og kriser er, og kva følgjer det kan få å kalle noko ei krise.
Pensumet i faget omfattar innføring i omgrepsmetaforteori, retorisk teori og kommunikasjonsteori, samt faktiske analysedøme som bruker teoriane på autentisk materiale. Analysedøma dreiar seg om språkbruk frå to aktuelle saker som kan sjåast som kriser: koronapandemien og klimaendringar. Tekstane analyserer og diskuterer metaforbruk og ulike retoriske trekk brukt i politiske og journalistiske tekstar om desse to sakene, og korleis desse trekka påverkar vår forståing av sakene.
I tillegg kjem vi i fellesskap til å analysere og diskutere døme på språkbruk om risiko og kriser i undervisninga.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
* har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
* har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet
Ferdigheiter
Studenten
* kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang
* kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
* kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
* skriv norsk korrekt og godt
Generell kompetanse
Studenten
* kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
* kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar.
Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.
Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).
Undervisninga blir gitt slik at ho tek omsyn til langpraksisen i lektorutdanninga.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å undervise medstudentane i ein utvald del av pensumet (ca. 30 sider). Framlegginga bør gjere bruk av presentasjonsprogramvare og skal ta 15-20 minutt.
Rettleiing på semesteroppgåve.
Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
På emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
* Rettleidd semesteroppgåve. Semesteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid av avgrensa omfang.
Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 6000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
* Munnleg eksamen over den delen av pensum som studenten ikkje skriv semesteroppgåve om.
Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og munnleg eksamen. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og munnleg eksamen 40 %.
Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli. Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium