Nordisk: Språkleg masteremne D
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NOSP316
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.
Innhald:
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gi tilbod om fordjuping i til dømes morfologi, syntaks, fonologi, semantikk, språkhistorie, språkleg variasjon, språkleg tekstanalyse, namnegransking, leksikologi, leksikografi, austnordisk, vestnordisk osv.
Hausten 2023: Personnamn i eit internasjonalt perspektiv (v. Ivar Utne)
Sentrale tema:
- Kort oversyn over fornamn- og etternamnhistorie i Noreg.
- Opphav til fornamn som har kome til Noreg frå utlandet frå før mellomalderen og fram til vår tid. Det omfattar dei fleste av namna eller måten namn har blitt laga i Noreg.
- Etternamnbruk i Noreg frå rundt 1600- og 1700-talet til vår tid. Først kom etternamn mest med innvandring. Etternamn av norske materiale tok over, men systemet med for- og etternamn bygde dels på forbilde frå andre land og på uformell norsk tradisjon.
- Namn frå Skandinavia som har spreidd seg til andre land. Fornamn gjekk ut i Europa i mellomalderen, og helst etternamn spreidde seg med utvandring til Amerika i nyare tid.
- For- og etternamnbruk i Norden og Europa, og andre land vi har fått innvandring frå sidan seint på 1900-talet.
Gjennomgåande spørsmål kan blant anna vera:
- Kva impulsar har verka inn på norsk fornamnbruk gjennom historia?
- Kva er fornamntrendar, og kva er det som styrer dei?
- Kva skil og kva er likt eller nesten likt for etternamn i Noreg og andre land? Kva har blitt endra over tid i Noreg og kvifor?
- Korleis kjem kjønn og namn til uttrykk i for- og etternamn? Kvifor?
- Kva skjer med namnebruken for folk som flyttar frå ein namnekultur til ein annan, og for etterkomarane deira?
- Korleis er haldningar til nye namn og endra namnebruk, og til namneberarane med utanlandske namn?
- Lånenamn er ein parallell til lånord, som vil seia namn og ord henta inn frå andre språk. Kva skil og liknar mellom dei to lånetypane?
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
* har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
* har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet
Ferdigheiter
Studenten
* kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang
* kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
* kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
* skriv norsk korrekt og godt
Generell kompetanse
Studenten
* kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
* kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
* kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar.
Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.
Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).
Undervisninga blir gitt slik at ho tek omsyn til langpraksisen i lektorutdanninga.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å undervise medstudentane i ein utvald del av pensumet (ca. 30 sider). Framlegginga bør gjere bruk av presentasjonsprogramvare og skal ta 15-20 minutt.
Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
På emnet nyttar ein heimeeksamen på 7 dagar med omfang på om lag 5000 ord.
Målforma på heimeeksamen vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamenen startar.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.
Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium