Nordisk: Språkleg særemne

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Studentane skal skaffe seg grundig kunnskap på eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Emnet skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.

Innhald:

Det tematiske innhaldet på emnet vert definert av studenten sjølv, i samråd med ein faglærar. Det kan føre vidare eit tema som er introdusert i andre delar av studiet, eller det kan ta opp ein annan deldisiplin innanfor nordisk språkvitskap, ev. av tverrfagleg art. Det er ein føresetnad at litteraturen er på eit plan som passar for 300-nivået.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
  • har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang
  • kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
  • kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
  • skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
  • kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
  • kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet kan takast av studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Det er berre høve til å ta emnet etter innvilga søknad. Frist for søknad er sju dagar før fristen for melding til eksamen i det aktuelle semesteret. Fagkoordinator for nordisk språk handsamar søknaden.

Arbeids- og undervisningsformer
Dette er i utgangspunktet eit sjølvstudium. Inntil seks timars rettleiing. Student og faglærar undersøkjer om det er mogleg å knyte studiet til forskingsseminar, kurs e.l. lokalt eller andre stader som vil betre læingsutbytet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere og få godkjent pensumliste.

Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein heimeeksamen på 7 dagar med omfang på om lag 5000 ord.

Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamenen startar.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Vår og haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny, tidleg eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensumet skal tilsvare om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen
Under arbeidet med heimeeksamenen har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium