Innføring i klinisk ernæring

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet vil gje ei innføring i ernæring, med sterk vekt på fagleg bredde, element som er sentrale i ernæringslære og tverrfaglege element. Studentane får innsikt i vitskapeleg arbeid (mellom anna ved å søke vitskapeleg litteratur) og i det kliniske arbeidet (ved å følgje ein klinisk ernæringsfysiolog i arbeidsdagen). Studentane blir kjent med utviklinga i det norske kosthaldet, samars mattradisjonar, og kulturelle og religiøse kostomsyn. Den vitskaplege bakgrunnen for kostråd og ernæringsanbefalingar samt bruk av desse i praksis er ein viktig del av emnet. Vidare lærar dei om metodane som er sentrale i ernæringsforsking og klinisk arbeid (matvaretabellen, kostregistrering, feilkjelder i kostregistrering, måling av ernæringsstatus, energimetabolisme). Studentane får og ei innføring i matvarekunnskap med vekt på dei mest brukte matvarene i Noreg. Vidare får studentane ei innføring i ernæring si rolle ved utvikling av ikkje-smittsame sjukdomar som hjarte-kar, kreft, diabetes og fedme. Emnet legg vekt på både teori og praksis og aktiv deltaking av studentane.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studentane..

  • Har brei kunnskap om relevante forskingsmetodar innan klinisk-, og epidemiologisk kosthalds- og ernæringsforsking, inkludert fortolking av resultat.
  • Har brei kunnskap om energiomsetninga og betydinga av fysisk aktivitet hos friske og ved ernæringsrelaterte tilstandar og sjukdommar.
  • Har brei kunnskap innanfor førebygging av dei vanlegaste ikkje-smittsame sjukdommane, og deira betyding for samfunnet, og variasjon i prevalens over tid.
  • Har brei kunnskap om matvare- og næringsstoffanbefalingar og om grunnlaget for utarbeidinga av kostråd til friske menneske.
  • Har kunnskap om matvarer si oppbygning, bruksområde og innhald av næringsstoff og deira betyding i kosthaldet.
  • Har kunnskap om metodar for kosthaldsanalyse på individ-, gruppe- og befolkningsnivå, og kan samanlikne kosthaldet med anbefalingar og retningslinjer.
  • Har kunnskap om kostvanar og ernæringsproblem i Norge, inkludert samars mattradisjonar og kostvanar.
  • Har kunnskap om dei vanlegaste religiøse og kulturelle kostomsyna.

Ferdigheiter: Studentane..

  • Kan beherske metodar for ernæringskartlegging, inkludert kost og næringsinntak, antropometri og kroppssamansetning.
  • Kan finne, vurdere og vise til ulike informasjonskjelder innan kosthalds- og ernæringsforsking.
  • Kan analysere og forholde seg kritisk til ernæringsfaglege problemstillingar og trendar i media, og vurdere disse opp mot kunnskapsbasert ernæringsarbeid.

Generell kompetanse: Studentane..

  • Kan formidle generelle kostråd til heile befolkninga eller til grupper av befolkninga som ein del av helsefremmande og førebyggande ernæringsarbeid.
  • Kunne tileigne seg ny kunnskap og foreta faglege vurderingar, avgjerder og handlingar i tråd med kunnskapsbasert praksis. Kandidaten skal også kunne dokumentere og formidle sin faglege kunnskap.
  • Har innsikt i matkulturar og mattradisjonar frå urbefolkning og dei største innvandrargruppene i Norge og kan formidle kulturtilpassa kostrettleiing.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet går over to semestre og har eksamen på våren.
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogram i ernæring
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og gruppearbeid (team-based learning) inkludert presentasjonar: ca. 20 dobbeltimar.

Bibliotekskurs (3 t)

Hospitering med KEF (4 t)

Øvingar (ca. 2-3 t kvar) med tema:

  • matvarekunnskap
  • kroppssamansetning/antropometri
  • matvaretabellen
  • porsjonsstorleik
  • kostintervju
  • kvilemetabolisme/indirekte kalorimetri
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på studentpresentasjonar, hospitering og bibliotekskurs er obligatorisk.

Deltaking på minst 80% av øvingar og førelesingar.

Vurderingsformer

3 t skriftleg eksamen

Emnet går over to semester og har eksamen på våren.

Karakterskala
A-F
Emneevaluering
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i UiB sine reglar