Menneskets fysiologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål at studentane etter gjennomført emne kan definera dei grunnleggande fysiologiske omgrepa, greie ut om mekanismane for dei ulike kroppsfunksjonane og forklåre korleis reguleringsmekanismane kan oppattrette likevekt og funksjon, gitt ei forstyrring av likevekta i eit fysiologisk system.

Emnet skal formidle forståing for det biologiske grunnlaget for mennesket sin fysiologi.

Studiet tar opp tema som nevrofysiologi, blodet sine celler og funksjon, hjarte-/kar fysiologi, respirasjons- og arbeidsfysiologi, varmebalanse og temperaturregulering, nyre og syre/base-balanse, endokrinologi og reproduksjon, fordøying og ernæring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studentane..

  • har brei kunnskap om dei grunnleggande fysiologiske omgrepa og mekanismane for organ og organsystemet sin normale funksjon og samspel hos menneske.
  • har brei kunnskap om kroppen sine reguleringsmekanismar for å oppattrette likevekt og funksjon ved sjuklege tilstandar som leiar til forstyrring av kroppen sinefysiologiske system
    - innan tema som

    • Nerve -og muskelsystemet og sansar
    • Blodet og immunforsvaret
    • Hjarte- og karfysiologi
    • Respirasjonssystemet og arbeidsfysiologi
    • Varmebalanse og temperaturregulering
    • Nyre og syre-base-balanse
    • Endokrine systemet og reproduksjon
    • Fordøyingssystemet og ernæring
  • har grunnleggande kunnskap om korleis samfunnsmessige forhold påverkar folk sin tilgang på og val av matvarer, og kva ernæringspolitiske verkemiddel som kan takast i bruk for å betre den generelle ernærings- og helsetilstanden basert på berekraftige matproduksjonssystem.

Ferdigheiter: Studentane..

  • kan bruke enkelt apparatur til fysiologiske målingar og gjennomføre og vurdere relevante eksperiment som

    • Elektromyografi (EMG)
    • Blodtyping og differentialtelling av kvitee blodceller
    • Plethysmografi, EKG og måling av blodtrykk
    • Spirometri og måling av maksimalt oksygenopptak
  • kan bruke kunnskap om fysiologi til å forklare funksjonen til organ og organsystem sin i fysiologiske prosessar
  • kan bruke sin faglege kunnskap og relevante resultat til å forklare bakgrunnen for relevante kliniske problemstillingar

Generell kompetanse: Studentane..

  • har innsikt i fysiologisk samspel mellom organ og organsystem og kan bruke sine kunnskapar til å formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg
  • kan bruke sine kunnskapar til å utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet for å forstå normalfunksjon og sjukdomsprosessar

Undervisningssemester

Haust
Fagleg overlapp

BMED252, FARM280, OD1FYS, OD2FYS

BMED340

Studiepoengsreduksjon
FARM280, OD1FYS, OD2FYS
Krav til studierett
Opptak til Bachelorprogram i ernæring.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga omfattar førelesingar (rundt 80 timar) og laboratorieundervisning under rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Laboratoriekurs med godkjende kursjournalar.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Karakterskala
A-F
Emneevaluering
Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverktøy.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.