Kjeve- og ansiktsradiologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I faget kjeve- og ansiktsradiologi skal studentane lære korleis røntgenstråling blir danna, effekten av ho, og korleis røntgenstråling blir brukt til å avbilde tenner, støttevevet til tennene og omliggande kjeve- og ansiktsstrukturar, samt lære å tolke røntgenbileta.

OD2RØNT er eit ferdigheitskurs som gjev grunn for pasienttreningsdelen (OD3RØNT). Fullført OD2RØNT er eit krav for å kunne følgje OD3RØNT. Emna er på til sammen 8 studiepoeng

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan gjere greie for

  • Opphavet og eigenskapane til røntgenstråling og korleis røntgenstråler blir brukte til å avbilde tenner, støttevevet til tennene og omliggande kjeve- og ansiktsstrukturar.
  • Dei biologiske effektane av røntgenstråling og praktisk strålevern, det vil si vurdering av berettigelse og tilnærming til optimalisering ved intraorale og panorama undersøkingar.
  • Teoretisk og praktisk tilnærming til projeksjonsteknikk ved intraoral bildeundersøking.
  • Normalanatomiske strukturar i intraorale bilete

Ferdigheiter

Studenten kan

  • Praktisk gjennomføre intraorale bildeopptak
  • Granske, tolke og namngje normalanatomiske strukturar på intraole bilete

Generell kompetanse

Studenten har klinisk forståing for tydinga av gode arbeidsrutinar og grunnlag for å kunne kommunisere med pasienter og kollega.

Studiepoeng, omfang

2 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår, 4. semester
Krav til forkunnskapar
Fullført og bestått tredje semester av Integrert masterprogram i odontologi
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

OD2RØN 2 studiepoeng

Krav til studierett
Master odontologi
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar (digitale og/eller konvensjonelle) parallelt med kliniske seminar, klinisk-praktisk ferdigheitstrening med intraoral røntgenteknikk, og gruppearbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Klinisk undervisning i form av seminar og røntgen ferdigheitskurs er obligatorisk. Det blir i 4. semester halde prøve i normal røntgenanatomi. Prøve må vera bestått for at OD2RØNT kan godkjennast og studenten gå vidare til OD3RØNT.

All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesingar.

Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.

I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.

I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.

Vurderingsformer

Praktiske ferdigheiter blir vurdert fortløpande under kurset. Før studenten kan gå opp til kursprøve (30 minutt skriftlig prøve) skal klinisk lærer godkjenne at studenten er i stand til å ta alle røntgenbilete i ein heil-status. Den avsluttande prøva i røntgenanatomi blir vurdert av intern sensor.

Når vurderingsforma i eit emne er «skriftleg prøve», vil det bli arrangert to kontinuasjonsprøver innan kort tid for studentar utan gyldig resultat. Studentar som ikkje har oppnådd gyldig resultat etter tre forsøk, blir flytta ned til lågare kull. Dei tre forsøka som høyrer til kvar gjennomføring av emnet, blir rekna som eitt vurderingsforsøk i samsvar med UiBs forskrift om studiar §8-1 (1). På grunn av den korte tida mellom ordinær og ny prøve, vil klaga på sensur ikkje bli behandla før tredje forsøk er gjennomført. Dersom tredje forsøk blir gjennomført som munnleg prøve, er det dei to tidlegare skriftlege forsøka som er gjenstand for klagebehandlinga.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår, 4. semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programutvalg for odontologiske fag
Emneansvarleg
Professor Malin V. Jonsson
Administrativt ansvarleg
Institutt for klinisk odontologi
Institutt
Institutt for klinisk odontologi