Pedodonti + klinikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Dette emnet innen pedodontien bidreg til å gje studenten ei forståing av helsefremmande arbeid, førebygging og behandling av sjukdommar i tenner og munn hos barn og unge 0-18 år, medrekna sjuke barn.

Innhald:

Emnet vil bestå av åtferdsmessige aspekt i barnetannpleia (klinisk kommunikasjon, angst, vegring, smertekontroll, roande middel/ narkose, o.a.). Det undervisast i korleis ein skal kommunisere med barn og foreldra, og det leggas vekt på å forhindre at nokon utviklar angst for vidare tannbehandling. Då pedodonti omfattar barnepopulasjonen, undervisast det også i temaene omsorgssvikt og barnemishandling.

Læringsutbyte

Etter fullført og bestått emne, har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskaper:

Studenten har kunnskap om:

  • åtferdsmessige aspektar i barnetannpleien.
  • forstyrringar i tannfrembrudd.
  • kariologi i det unge tannsettet (karies, tannråte).
  • erosjon og annan tannslitasje
  • periodonti i det unge tannsettet (sjukdommar i tannkjøtt og periodontale tilstandar)
  • endodonti i det unge tannsettet (rotbehandling)
  • interseptiv ortodonti (forebyggelse og behandling av mindre tannstillingsfeil)
  • juvenil protetikk (enkle tannprotetiske løysingar)
  • tannpleie for sjuke og funksjonshemma barn.
  • reglar for samtykke frå unge pasientar.

Ferdigheiter:

Studenten:

  • kommuniserer med alle yngre aldersgrupper og barn sine føresette på ein profesjonell og tenleg måte.
  • gjennomfører adekvat undersøking og diagnostisering av den aktuelle aldersgruppen sine vanlege sjukdommar..
  • oppdagar avvik frå det normale og se når det er behov for å vise pasienten vidare til andre helseinstansar.
  • planlegg behandling, samt gjennomfører profylaktisk behandling.
  • nyttar adekvat smertekontroll, samt førebyggjer og behandlar vegring mot og angst for tannbehandling ved å nytte psykologiske og farmakologiske teknikkar.
  • innhentar naudsynt samtykke frå unge pasientar og omsorgspersonane deira.

Generell kompetanse:

Studenten:

  • har evna til å integrere ulike fag og synes refleksjon knytta til eigne avgrensingar i behandling av barnepasientar.
  • kommuniserer og behandlar barnepasientar og føresette på ein profesjonell og tenleg måte.
  • syner også ei etisk forsvarleg haldning til ivaretakinga av den unge pasient i samhandling med anna helsepersonell.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår - emnet går over to semester.
Krav til forkunnskapar
Fullført 6. semester i Integrert master i odontologi
Studiepoengsreduksjon
OD3PED-K5 - 6 studiepoeng
Krav til studierett
Integrert masterprogram i odontologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga består av førelesingar, seminar og trening i klinikk.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminar og klinisk trening.Godkjent klinisk kurs er ein føresetnad for å gå opp til skriftleg eksamen.

All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesinger.

Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.

I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.

I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.

Vurderingsformer
4 timers skriftleg eksamen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for emner med oppstart i haustsemesteret og 1. desember for emner i vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert kvart tredje år, i samsvar med UiB sitt system for kvalitet i utdanningane.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programutval for odontologiske fag
Emneansvarleg
  • Professor Jorma Virtanen
  • Førsteamanuensis Atanasia Bletsa
  • Administrativt ansvarleg
    Institutt for klinisk odontologi