Læraren og elevane

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er tredelt. Det fyrste er å gje studentane eit innblikk i kva lærarrolla inneber av forventingar og mandat, og korleis lærarrolla gjev rom for ulike måtar å vere lærar på. Studentane skal gjennom emnet reflektere over ansvar og etiske fordringar knytt til pedagogiske relasjonar.

Det andre målet er å gje studentane innblikk i dagens ungdomskultur og ei forståing for mangfaldet blant elevane når det gjeld særlege behov, kjønn, kultur og sosioøkonomisk bakgrunn. Undervisninga vil i denne samanheng ha særskilt fokus på inkludering og tilpassa opplæring som ideal og praksis.

Eit tredje mål er at studentane får ei grunnleggjande forståing for sentrale tema og omgrep i pedagogikkfaget, som danning, oppseding, undervisning og læring.

Eit overordna mål er at studentane gjennom emnet startar arbeidet med å danne eigen profesjonell identitet og øver opp dygder som toleranse, empati, inkluderingsevne og omsorg.

Emnet er knytt til kortpraksisemnet KOPRA101, og det er forventa at studentane tek dette emnet parallelt med PEDA120.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har forståing for kva lærarrolla inneber av forventingar og mandat
  • har innsikt i kva som kjenneteiknar den pedagogiske relasjonen og kva for ansvar, dygder og etiske plikter dette inneber for læraren
  • har breie kunnskapar om ungdomskultur, elevmangfald og elevar sine ulike styrker, behov og utfordringar i møte med skulen.
  • kjenner til sentrale tema og grunnleggjande omgrep innafor pedagogikkfaget

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan reflektere over lærarrolla på bakgrunn av praksis, faglitteratur og styringsdokument
  • kan vise dømmekraft knytt til etiske utfordringar og dilemma i møte med eleven
  • kan vise forståing for elevmangfald og fremje inkludering
  • kan drøfte sentrale pedagogiske tema og grunnleggjande omgrep
  • kan bruke observasjon som metode

Generell kompetanse:

  • kan orientere seg i, analysere og stille seg kritisk til informasjonskjelder og teoriar
  • forstår kva det kan innebere å vere ungdom i dagens samfunn
  • kan utvise relasjonskompetanse og mellommenneskelege dygder

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
.
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på 5-årig lektorutdanning.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert gjennom førelesingar og seminar i mindre grupper. Seminarundervisninga legg vekt på studentaktive arbeidsmåtar og det vert forventa at studentane møter førebudd til seminara. Kvar student har tilbod om 2 timar individuell rettleiing.

Førelesingar: 5 x 2 timar

Seminar: 8 x 2 timar

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Frammøte og førebudd deltaking på seminar
  • Utvikling av tekst på 1500-2000 ord innan gitte fristar
  • Ein munnleg presentasjon i grupper
  • Vurderingsformer

    I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

    • 5 timars skuleeksamen
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Haust og vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakende evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg

    Det matematisk-naturvitskapelege fakultet

    Det humanistiske fakultet

    Det samfunnsvitenskapelege fakultet

    Emneansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet