Læraren og elevane
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PEDA120
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er tredelt. Det fyrste er å gje studentane eit innblikk i kva lærarrolla inneber av forventingar og mandat, og korleis lærarrolla gjev rom for ulike måtar å vere lærar på. Studentane skal gjennom emnet reflektere over ansvar og etiske fordringar knytt til pedagogiske relasjonar.
Det andre målet er å gje studentane innblikk i dagens ungdomskultur og ei forståing for mangfaldet blant elevane når det gjeld særlege behov, kjønn, kultur og sosioøkonomisk bakgrunn. Undervisninga vil i denne samanheng ha særskilt fokus på inkludering og tilpassa opplæring som ideal og praksis.
Eit tredje mål er at studentane får ei grunnleggjande forståing for sentrale tema og omgrep i pedagogikkfaget, som danning, oppseding, undervisning og læring.
Eit overordna mål er at studentane gjennom emnet startar arbeidet med å danne eigen profesjonell identitet og øver opp dygder som toleranse, empati, inkluderingsevne og omsorg.
Emnet er knytt til kortpraksisemnet KOPRA101, og det er forventa at studentane tek dette emnet parallelt med PEDA120.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har forståing for kva lærarrolla inneber av forventingar og mandat
- har innsikt i kva som kjenneteiknar den pedagogiske relasjonen og kva for ansvar, dygder og etiske plikter dette inneber for læraren
- har breie kunnskapar om ungdomskultur, elevmangfald og elevar sine ulike styrker, behov og utfordringar i møte med skulen.
- kjenner til sentrale tema og grunnleggjande omgrep innafor pedagogikkfaget
Ferdigheiter:
Studenten
- kan reflektere over lærarrolla på bakgrunn av praksis, faglitteratur og styringsdokument
- kan vise dømmekraft knytt til etiske utfordringar og dilemma i møte med eleven
- kan vise forståing for elevmangfald og fremje inkludering
- kan drøfte sentrale pedagogiske tema og grunnleggjande omgrep
- kan bruke observasjon som metode
Generell kompetanse:
- kan orientere seg i, analysere og stille seg kritisk til informasjonskjelder og teoriar
- forstår kva det kan innebere å vere ungdom i dagens samfunn
- kan utvise relasjonskompetanse og mellommenneskelege dygder
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert gjennom førelesingar og seminar i mindre grupper. Seminarundervisninga legg vekt på studentaktive arbeidsmåtar og det vert forventa at studentane møter førebudd til seminara. Kvar student har tilbod om 2 timar individuell rettleiing.
Førelesingar: 5 x 2 timar
Seminar: 8 x 2 timar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- 5 timars skuleeksamen
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Det matematisk-naturvitskapelege fakultet
Det humanistiske fakultet
Det samfunnsvitenskapelege fakultet