Lærarens profesjonsutvikling
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PEDA123
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gje studenten innsikt i sentrale pedagogiske grunnlagspørsmål og korleis profesjonsteori og vitskapsteori gjev forståing for læraren si heilskaplege rolle i skulen og samfunnet.
På bakgrunn av at det i samfunnet blir stilt stadig høgare krav til lærarar sin forskingsbaserte kompetanse og ekspertise, skal studenten for det fyrste få betre innsikt i det problematiske forholdet mellom pedagogisk teori og pedagogisk praksis. For det andre vil emnet tematisere og gje rom for å diskutere tilhøvet mellom vitskap og politikk i skulen. Studenten vil difor få sjå nærare på aktørar som er til stades i utdanningssektoren og kva makttilhøve som formar syn på profesjonalitet i dagens skule, eksemplifisert gjennom fenomen som målstyring og evidensbasert praksis.
For det tredje skal studenten bli kjend med perspektiv på læraren sin profesjonelle utviklingsprosess, og få røynsle med sjølv å bruke praksisorientert forsking som verktøy i systematisk arbeid med eiga profesjonell utvikling.
Emnet tek sikte på å fremje vitskapleg danning gjennom epistemiske dygder som profesjonell dømmekraft, forståing, nyfikenheit og intellektuelt truverd.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om læraren si heilskaplege rolle i samfunnet
- har innsikt i sentrale pedagogiske grunnlagsspørsmål
- har brei kunnskap om pedagogisk teori, vitskapsteori og profesjonsteori, samt koplingar mellom dei
- kjenner til forskingsbaserte modellar for individuell og kollektiv profesjonell utvikling
Ferdigheiter:
Studenten
- kan syne god pedagogisk klokskap og dømekraft i møtet med det komplekse forholdet mellom forsking og pedagogisk praksis
- kan dokumentere og gje uttrykk for eiga profesjonell utvikling, og kunne leggje fram og grunngje utviklingsmål med støtte i teori
- kan identifisere pedagogiske utfordringar og møte desse med støtte i teori og forskingsbasert kunnskap
- kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt knytt til eigen praksis
- kan bidra inn i faglege diskusjonar om utøving av lærarprofesjonen
Generell kompetanse:
Studenten
- er i stand til å syne kritisk sans når det gjeld forskingsbasert kunnskap og profesjonsutøvinga sitt forhold til vitskap og politikk
- kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse åleine og i samarbeid med andre
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminar i mindre grupper. I seminara vert det lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar, og det vert rekna med at studentane møter førebudd. Kvar student har tilbod om 2 timar individuell rettleiing.
Førelesningar: 6 x 2 timar
Seminar: 6 x 2 timar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Munnleg eksamen
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Det matematisk-naturvitskapelege fakultet
Det humanistiske fakultet
Det samfunnsvitenskapelege fakultet