Det nære verdensrommet

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gje brei kjennskap til dei viktigaste prosessane som gjev geomagnetiske forstyrringar i det nære verdsrom på grunn av solaktivitet.

Innhald:
Emnet gir ei brei innføring i fysiske prosessar og forhold i det jordnære rommet som har innverknad på romværet: Strukturen til sola, solaktivitet og stråling frå sola, solvinden, atmosfæren til jorda, ionosfæren og kva den betyr for radiokommunikasjon, jorda sitt magnetfelt, bevegelsen av lada partiklar i jorda si magnetosfære, partikkelnedbør, nordlys og kosmisk stråling. Det vil bli lagt vekt på å vise korleis jorda sitt magnetfelt påverkar vårt nære verdsrom, og omvendt. Det blir gitt mange døme på bruk av plasmafysikk i rommet, til dømes korleis ein kan gje enkle varsel om geomagnetisk aktivitet basert på målingar i solvinden. Emnet dannar grunnlag for vidaregåande studium i romfysikk. Emnet kan vere av interesse for studentar i tilgrensande fag, som optikk, atmosfærefysikk og meteorologi.

 

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kjennskap til:

  • fysiske prosessar i gassar og plasma frå det indre av sola til Jorda si atmosfære.
  • sola og jorda sitt magnetfelt
  • oppbygning og samansetjing til sola og jorda si atmosfære
  • korleis sola driv storskala plasmaprosessar i det nære verdsrom

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bruke fysikk og matematikk til å kvantitativt og kvalitativt beskrive prosessar i det nære verdsrommet.
  • forklare det fysiske opphavet til fenomen knytta til nordlys og geomagnetisme observert frå jorda.
  • varsle geomagnetisk aktivitet basert på observasjonar frå solvinden

 

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • formidle til folk flest korleis jorda er kopla til det nære verdsrommet og sola
  • bruke fysikk til å forklare prosesser i nøytrale og ioniserte gassar i atmosfæren.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
MAT111, MAT112, PHYs112, PHYS113 og PHYS118.
Studiepoengsreduksjon
 Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.