Eksperimentelle metodar i romfysikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Emnet skal

  • gje studentane innsikt i dei fysiske prinsippa for måling av ulike parametrar som blir brukt til å studere fenomen og prosessar i det nære verdsrommet.
  • gje studentane trening i å tolke relevante målingar frå bakken og frå romsondar for å kunne beskrive signaturane til eit nordlysutbrot eller ein geomagnetisk storm.

 

Innhald: Emnet behandlar diverse eksperimentelle metodar og instrument i romfysikk, mellom anna instrumentberarar, satellittmekanikk, strålingsdetektorar, måling av magnetfelt på bakken og i rommet, radiometodar og optiske målingar. Studentane får delta på ekskursjon til Andøya Space Center eller Svalbard. Emnet gir innsikt i instrumentering og tolking av målingar i romfysikk.

 

I dette emnet er det svært få plasser tilgjengelig. Ved større søkertall vil derfor studenter på master i romfysikk prioriteres.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har oversikt over fysiske parametrar som beskriv fenomen og prosessar i sol-jord systemet
  • har inngåande kunnskap om prinsipp for måling av utvalte parametrar i rommet, ionosfæren og på bakken
  • kan vurdere fordelar og avgrensingar ved utvalde eksperimentelle metodar i romfysikk

Ferdigheiter

Studenten kan

  • hente og systematisere sanntidsmålingar frå romsondar og bakkeobservatorium under eit nordlysutbrot eller ein geomagnetisk storm
  • tolke dei innsamla målingane

Generell kompetanse

Studenten kan

  • arbeide i ei gruppe med analyse av samtidige målingar frå fleire romfysikkeksperiment
  • praktisere norm for akademisk skriving av ein forskingsrapport

 

Undervisningssemester

Haust, undervisning kan bli avlyst ved lavt studenttal

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk ekskursjon

Godkjent prosjektrapport.

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 5 påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer
Muntleg eksamen, utgjør 100% av karakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.