Kvantefeltteori

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål
Emnet er ei vidareføring av PHYS203 og formidlar forståing av Standardmodellen i partikkelfysikk, som beskriv elementærpartiklane og deira vekselverknad.

Innhald
Emnet omhandlar teoriane for vekselverknad mellom partiklar: kvanteelektrodynamikk (QED), kvantekromodynamikk (QCD) og elektrosvak teori. Saman utgjer desse Standardmodellen i partikkelfysikk. Emnet gjev eit grunnlag for utrekning og forståing av enkle tverrsnitt for kollisjon og produksjon av partiklar. Emnet gjev og ei kort innføring i CP-brot og nøytrinofysikk.

 

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare Feynmanreglar
  • kjenner grunnlaget for renormalisering
  • har kunnskap om kvark- og gluonfelt, den sterke kjernekrafta og dei symmetriane desse byggjer på
  • har kunnskap om symmetriane innan elektrosvak teori og brota på desse via Brout-Englert-Higgs-mekanismen
  • kan forklare CP-brot der K-meson er innblanda og opphavet til CKM-matrisa
  • kan forklare nøytrinooscillasjonar

Ferdigheiter

Studenten

  • beherskar berekningar av tverrsnitt for enkle prosessar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • modellere fysiske system ved bruk av Lagrangeformalismen
  • bruke enkelte berekningar for å estimere storleiksorden til fysiske storleikar

 

 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
  • munnleg eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.