Integrert pedagogikk og realfagsdidaktikk 4
Årsstudium
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PPUDEL104
- Talet på semester
- 1
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet for emnet er at studenten skal utvikle inngåande forståing av kva det vil seie å byggje eit fellesskap av lærande og lære å planleggje, gjennomføre og evaluere naturfagundervisning på ein profesjonell måte.
Hovudtemaet for emnet er læringsfellesskap, kritisk tekning og utforsking og problemløysing i naturfagundervisning.Undertema kan vere:
- lærarar og elevar i læringsfellesskap
- vitskapelege tenke- og arbeidsmåte
- kritisk tenking og vurdering i undervisning, læring og forsking
- utforsking, problemløysing og vurdering i naturfag
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- skal kunne lage undervisningsopplegg som inkluderer naturvitskapelege metodar og forståing for korleis naturvitskapeleg forsking blir utvikla i forskingsfelleskap
- kan velkvalifisert og tydeleg gjere greie for og reflektere over ulike teoriar om utdanninga og viser dette i munnleg og skriftleg arbeid
- kjenner til og kan gjere greie for undersøkjande og utforskande arbeidsmåtar i undervisning
- kjenner til og kan forklare sentrale prinsipp for fremjing av kritisk tenking
- har kjennskap til og kan forklare læringsteoriar og teoriar om læringsfellesskap
Ferdigheiter
Studenten
- viser evne til å engasjere elevane gjennom variert undervisning, inkludert opne oppgåver og problembasert og utforskande læring
- legg til rette for utvikling av ulike former for kunnskap hos elevane
- legg vinn på å fremje elevane si forståing av korleis naturvitskapleg kunnskap vert utvikla
- nyttar kritisk vurdering når han/ho planlegg og underviser og stimule-rer elevane til sjølv å tenke kritisk
- lagar differensierte oppgåver i naturfag og kan drøfte undervegs- og sluttvurdering i naturfag
Generell kompetanse
Studenten
- kan orientere seg i og kritisk vurdere fagdidaktisk og pedagogisk faglitteratur
- kan bidra kritisk og konstruktivt til utviklingsarbeid ved eigen skole
- forstår og kan forklare kva eit læringsfellesskap er på mikro-, meso- og makronivå og kan leggje fram velfunderte synspunkt på korleis slike fellesskap kan og bør kultiverast for å fremje trivsel og læring
- er medviten om og kan vise at både lærarar og elevar er delar av læringsfellesskap på fleire nivå
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er lagt opp etter ein integrert modell med samarbeid mellom pedagogikk og didaktikk i undervisning, oppgåver, rettleiing, praksis og eksamen. Undervisninga blir organisert som ei blanding av nettbaserte studier, tre samlingaer og praksis. På samlingane møter studentane varierte undervisningsformer, m.a. førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper.
Studentane har tilbod om til saman 2 timar individuell rettleiing av naturfagdidaktikar og pedagog.
Emnet har 10 dagar praksis som skal gjennomførast i løpet av 4 veker:
- Praksis føregår normalt i vidaregåande skole i grupper, par eller individuelt
- Praksis skal helst gjennomførast i matematikk og naturfag, men andre realfag kan også vere aktuelle
- Ein praksisdag er definert som minimum 6 skoletimar (4,5 klokketimar). Dette inkluderer forarbeid, undervisning/observasjon og rettleiing, samt møte og liknande aktivitetar ved skulen
- Praksis er tilpassa og fleksibel slik at skule og student i fellesskap blir einige om når praksis blir gjennomført innafor den gitte praksisperioden
- Praksis blir evaluert ved praksisskolen, eventuelt også av pedagogar og didaktikarar på praksisbesøk
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Dei obligatoriske aktivitetane må være godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.