Who is looking at who? The Colonial Gaze(s)

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Utfyllande semesteromtale


Dette emnet utforskar ei rekke historier og identitetar knytt til omgrepet "koloniale blikk" frå eit avkolonialt perspektiv. Gjennom kunstnarisk forskingsmetode vil vi granske ideen om den "avkoloniale vendinga" og foreslå spekulative historier og framtider. Dette kurset vil gi eit utvida fokus og innsikt i dekoloniale og koloniale historiane og samtida. Ved hjelp av kunstnariske forskingsmetoder vil vi kritisk tilnærma oss dei ulike diskursane på feltet. Gjennom utviklinga av eit individuelt eller gruppebasert kunstforskningsprosjekt vil studenten oppnå eksperimentell kunnskap om korleis kunstnariske forskingsmetoder kan brukast for å granske spesifikke og komplekse tema.

Lærar: Luz Maria Cardona Sanchez

Mål og innhald

I dette emnet blir ei rekkje koloniale historier og deira samtidige omstende undersøkte. Ved hjelp av strategiar for kunstnarisk forsking, søker emnet å avklara ulike diskursar, posisjonar og agendaer knytte til emnet.

Studentar utviklar eit individuelt eller gruppeprosjekt innanfor emnet og blir introduserte for relevante tema og tilnærmingar gjennom førelesingar, lesingar, presentasjonar, rettleiing og/eller verkstader.

Læringsutbyte

Kunnskap

  • Få innsikt i koloniale historier og identitetar
  • Få djupare forståing for kritisk refleksjon som eit verktøy innanfor kunstnarisk praksis

Ferdigheiter:

  • Implementere kunstnariske metodar for å formidla sosiale og politiske spørsmål
  • Få erfaring med relevante format og prosessar
  • Utvikle sjølvstendige forskingsmetodar

Generell kompetanse:

  • Plassere eigen praksis innanfor ein kontekst for kunstnarisk forsking.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Full time.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår / spring.

Undervisningsstad

Campus Møllendal / UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Krav til studierett
Dette emnet har krav til studierett i Master-programmet i kunst.
Arbeids- og undervisningsformer

Metodar kan inkludera:

  • Prosjektutvikling
  • Individuell forsking
  • Gruppearbeid
  • Førelesingar
  • Presentasjonar
  • Gruppediskusjonar
  • Rettleiing
  • Tildelte lesingar
  • Skriveøvingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
80% tilstedeværelse er forventet.
Vurderingsformer
Individuel- eller gruppe-innlevering av kunstnerisk projekt.
Emneevaluering
The module is evaluated every third year in accordance with UiB's Quality System.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet med emner.
Administrativt ansvarleg
Faculty of Fine Art, Music and Design holds the administrative responsibility for the module and studyprogram.