Hovudoppgåve psykologprogrammet
Masteremne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PROPSY317
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Formålet med hovudoppgåva er at studentane skal kunne dokumentere at dei forstår sentrale forskingsprinsipp. Oppgåva kan vere teoretisk eller empirisk. Studentane må vise evne til systematisk, reflektert og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Forholdet mellom problemstillingar, metode, generering av data og rapportering må formidlast reflektert og kritisk. Studenten må kunne gi ei informativ, klar og presis skriftleg framstilling av saksområdet. Studentane sine hovudoppgåver kan inngå som studentaktiv forsking i forskingsgruppene. Hovudoppgåva skal skrivast med utgangspunkt i ei prosjektbeskriving som er utvikla i samarbeid med og er godkjend av rettleiar.
Eit informasjonsmøte vil bli arrangert i første halvdel av 10. semester (3. siste semester). Der blir det mellom anna gitt informasjon om mogelege hovudoppgåveprosjekt. Studentane skal innan utgangen av 10. semester knytte seg til ein rettleiar og/eller ei forskingsgruppe (studentaktiv forsking), og inngå ei rettleiingskontrakt med ein rettleiar innanfor det aktuelle temaet. Rettleiingskontrakten skal leverast inn innan utgangen av 10. semester.
Hovudoppgåva skal skrivast individuelt eller i grupper på maksimalt 3 studentar. Oppgåva kan vere på 40-60 sider, ut frå utfyllande rettleiing. Oppgåva kan også leverast i artikkelformat, ut frå utfyllande rettleiing.
Hovudoppgåva i artikkelform skal leverast som publiseringsklart manuskript. Rettleiar kan ikkje stå som medforfattar. Oppgåver, artiklar eller andre skriftlege arbeid som studenten har skrive og publisert tidlegare (for eksempel gjennom studentstipend/sommarstipend), kan ikkje leverast som hovudoppgåve. Dersom hovudoppgåva blir skriven som ein artikkel, skal den følge forfattarrettleiinga i det tidsskriftet artikkelen er tenkt for. Ein må velje eit tidsskrift på nivå 1 eller 2, som er godkjent som vitskapleg (sjå dbh.nsd.uib.no/publiseringskanaler/Forside). Ei kort samanfatting av journalens retningslinjer, særleg dersom desse avvik frå APA-standarden, samt lenke til journalens heimeside, skal leggast ved.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne har studenten
- inngåande kunnskap i, og kan bruke, psykologiske omgrep, metodar og teoriar innan hovudoppgåvas tematiske område på ein fagleg relevant måte
- inngåande kunnskap om forskingsetikk, og kan følge fagetiske retningslinjer i arbeidet med hovudoppgåva
Ferdigheiter
Ved fullført emne kan studenten
- formulere klare problemstillingar og grunngi at desse er interessante og relevante for psykologi som fag og for temaet for hovudoppgåva
- analysere forholdet mellom tema, problemstilling og forskingsdesign
- velje adekvat forskingsstrategi/forskingsdesign gitt problemstillingar og kontekstuelle forhold som tid og økonomi
- bruke eigna metodar for identifisering av aktuell litteratur, deriblant søk i relevante litteraturdatabasar
- forstå metodiske mogelegheiter og begrensingar ved ulike typar undersøkingar
- demonstrere kunnskapsmessig breidde og fordjupning innanfor området for oppgåva
- gjere greie for relevante etiske vurderingar og formelle prosedyrer for løyve og formelle ansvarsforhold
- demonstrere ferdigheiter i korrekt oppbygging av eit vitskapleg arbeid etter APA-standarden, korrekt kildebruk og korrekt presentasjon av referansar
Generell kompetanse:
Ved fullført emne kan studenten
- reflektere over etiske forhold knytt til bruk av data, kjelder og sitering
- reflektere over forfattarskap og medforfattarskap til vitskaplege arbeid
- sette seg inn i nye problemstillingar, vurdere og tileigne seg ny fagkunnskap, og bruke denne kunnskapen i sjølvstendige analysar av aktuelle samfunnsspørsmål
- drøfte grunnleggande etiske problemstillingar som ein møter på i praktisk forskingsverksemd
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Skriving av hovedoppgave med tilbakemelding fra veileder.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust / Vår
Frist for innlevering er 15. desember i hautsemesteret og 15. mai i vårsemesteret.