Kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kvalitativ metode og djubdeintervju

Kurset gir ein introduksjon til det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvalitativ forskingsmetode. Det tek særleg utgangspunkt i eit hermeneutisk-fenomenologisk perspektiv, men vil også gi oversikt over andre sentrale tilnærmingar. Kurset gir vidare praktisk øving i gjennomføring av kvalitative forskingsintervju. Denne innføringsøvinga bygger på eit klinisk perspektiv og kan kun erstattast av kurs som tek utgangspunkt i tilsvarande rammeverk. Kurset gir også ei oversikt over ulike måtar å evaluere kvalitativ forsking på, og korleis kunnskap frå slike studiar kan anvendast i psykologisk praksis.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan ...

  • gjere greie for ulike kvalitative forskingsmetodar innanfor psykologi
  • gjere greie for sentrale trekk ved det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvalitative forskingsmetodar
  • gjere greie for kvalitetskriterium i forsking, inkludert prinsipp for openheit i vitskapleg arbeid
  • kritisk analysere relevant forsking og meistre psykologfaglege uttrykksformer
  • sjølvstendig grunngi val og bruk av relevante metodiske verktøy og utføre ulike kvalitative analysar
  • forklare og drøfte etiske spørsmål og personvernomsyn som er knytt til gjennomføring av kvalitativ forsking
  • gjere greie for hermeneutisk-fenomenologisk forskingsmetode, mogelegheiter og begrensningar ved djubdeintervju, samt drøfte sentrale kvalitetskriterium for kvalitativ forsking
  • gjere greie for betydninga av refleksivitet i innsamling og analyse av kvalitativt datamateriale med særleg vekt på forholdet mellom intervjuperson og intervjuar

Ferdigheiter

Studenten kan ...

  • utforme forskingsspørsmål som er eigna for kvalitativ forsking
  • vurdere kvaliteten på kvalitative undersøkingar
  • utforme ein intervjuguide, gjennomføre eit kvalitativt forskingsintervju, samt kode og analysere transkribert intervjumateriale
  • rapportere metodisk framgangsmåte, presentere kvalitative forskingsfunn og drøfte funna refleksivt innanfor format av skriftlege forskingsarbeid
  • skape kontakt og innhente informasjon om andres erfaringar gjennom intervju

Generell kompetanse

Studenten kan ...

  • stille seg kritisk og reflektert til mogelegheiter og begrensningar ved kvalitativ forsking
  • reflektere rundt intervjusituasjonens etiske og mellommenneskelege dynamikk

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5 sp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar og gruppeøvingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tema 1: Kvalitativ metode og djubdeintervju

  • Gjennomført intervjuøving (godkjenning av lærar)
  • Evalueringsøving (godkjenning av lærar)
  • Skriftleg innlevering (godkjenning av lærar)

Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent.


Vurderingsformer
Emnet blir vurdert som bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent.
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juli.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for klinisk psykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet