Kvantitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset gir ei innføring i grunnleggande metodar for beskriving, behandling og oppsummering av kvantitativt datamateriale. Det blir gitt opplæring i vanlege former for organisering av kvantitative data, ulike former for beskriving og oppsummering av slike data, samt sentrale prinsipp for å gjere statistiske slutningar. Gjennom praktiske øvingar vil studentane få trening i bearbeiding og oppsummering av kvantitativ informasjon. Vidare vil kurset gi ei innføring i korleis ein evaluerer og anvender kunnskap frå kvantitativ forsking i psykologisk praksis.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan ...

  • gjere greie for ulike kvantitative forskingsmetodar innanfor psykologi
  • gjere greie for sentrale trekk ved det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvantitative forskingsmetodar
  • gjere greie for kvalitetskriterium i forsking, inkludert prinsipp for openheit i vitskapleg arbeid
  • kritisk analysere relevant forsking og meistre psykologfaglege uttrykksformer
  • sjølvstendig grunngi val og bruk av relevante metodiske verktøy og utføre ulike kvantitative analysar
  • forklare og drøfte etiske spørsmål og personvernomsyn som er knytt til gjennomføring av kvantitativ forsking
  • beskrive og differensiere hovudtilnærmingar til kvantitativ dataanalyse
  • identifisere situasjonar der det er relevant å bruke ulike former for kvantitativ dataanalyse
  • kjenne til prinsipp for organisering av kvantitativt datamateriale
  • kjenne til grunnleggande statistiske omgrep som sentraltendens, spreiing og samanheng
  • kjenne til prinsipp for statistiske slutningar

Ferdigheiter

Studenten kan ...

  • utforme forskingsspørsmål som er eigna for kvantitativ forsking
  • vurdere kvalitet på kvantitative undersøkingar
  • tilrettelegge og organisere kvantitative data ved hjelp av standard programvare
  • framstille enkel univariat og bivariat statistikk ved hjelp av standard programvare
  • tolke resultat frå statistiske analysar av bivariate samanhengar og forskjellar mellom grupper
  • kommunisere resultat frå statistiske analysar i samsvar med vitskaplege standardar

Generell kompetanse

Studenten kan ...

  • stille seg kritisk og reflektert til mogelegheiter og begrensningar ved kvantitativ forsking


Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5 sp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar og gruppeøvingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i øvingar (godkjenning av lærar)
  • Fullførte oppgåver knytte til førelesingstema (godkjenning av lærar)
  • Kursprøve på kvantitative dataanalysar på relevant kunnskapsområde (godkjenning av lærar)
  • Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent


    Vurderingsformer
    Emnet blir vurdert som bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent.
    Karakterskala
    Bestått / Ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juli.
    Emneevaluering
    Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ikkje aktuelt
    Programansvarleg
    Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Emneansvarleg
    Institutt for samfunnspsykologi
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet